Styrkar banda mellom NHH og Italia

Italy day 8. oktober 2015 (Foto: Hallvard Lyssand)

Ein italiensk delegasjon med ambassadør Giorgio Novello i spissen vitjar NHH i dag. Blant måla er å styrka relasjonane mellom NHH og Italia ytterlegare.

08.10.2015 - Hallvard Lyssand


Banda mellom NHH og Italia er alt sterke på ei rekkje felt, t.d. innan studentutveksling og forskingssamarbeid på ulike nivå.

Men begge partar ønskjer å utvikla relasjonane vidare. Eit av stega i dette arbeidet er «Italy day» som finn stad på NHH i dag (torsdag 8. oktober).

Ein italiensk delegasjon beståande av næringslivsfolk, forskarar og representantar for styresmaktene er ved NHH for å treffa representantar frå leiinga, forskarar og norske og italienske studentar.

- Ambassadør Giorgio Novello, som leier delegasjonen, var på vitjing her i vår, og ønskte å koma tilbake, fortel professor Kjetil Bjorvatn, som sjølv har både faglege og personelge band til Italia og er primus motor for NHHs del av opplegget.

- Stadig fleire italienske verksemder har oppdrag i Noreg, t.d. innan infrastruktur eller i oljesektoren. Oppdraga kan vera av både kort og lang varigheit, men uansett representerer dei ein liten bit av Italia i Noreg. Vi har heile tida som mål å styrka banda mellom landa og dei ulike aktørane, og ein måte å gjera det på er å koma hit og la næringslivsrepresentantar treffa studentar og forskarar, forklarar ambassadør Novello.

Han har med seg representantar frå ni italienske verksemder i eitt breitt spekter frå petroleumsverksemder som ENI og Rosetti Marino via entreprenørselskap som Condotte d'Acqua og Rebaioli til den familieeigde sjokoladeprodusenten Ferrero.

Programmet for dagen inneheld både presentasjonar av dei ulike verksemdene og faglege presentasjonar ved professor Øystein Thøgersen og Nicola Coniglio frå Universitetet i Bari.

Dessutan presenterer studentane Turi Regine Pettersen frå NHH og Valeria Duml frå Bocconi sine erfaringar som utvekslingsstudentar i Italia og Noreg.

Ambassadør Novello nyttar dessutan høvet til å lansera eit businessforum for italienske verksemder som arbeider i Noreg, og eit nyheitsbrev som skal ta for seg norsk-italienske forretningsrelasjonar.

- Å ha dette arrangementet akkurat no passar bra på mange måtar, seier prorektor Sunniva Whittaker.

- Italia er blant landa vi har mest inn- og utveksling med, og balansen er god. I løpet av dei siste tre åra har vi hatt 100 italienske studentar ved NHH, og 96 norske har hatt opphald ved ein av våre seks italienske samarbeidsinstitusjonar.

- Men målet er å rekruttera endå fleire italienske studentar. Vi byrjar alt i haust med ei særleg rekrutteringssatsing i Italia, og den skal halda fram neste år, seier Whittaker.

Italy day 08.10.15 (Foto: Hallvard Lyssand)
I høve Italy Day var Jebsensenteret fylt av ei blanding av offisielle italienske representantar, businessfolk, forskarar og studentar, og NHH-forskarar og studentar med fartstid frå Italia.
Italy day. Giorgio Novello m. fl. (Foto: Hallvard Lyssand)
Italias ambassadør til Noreg (og Island) Giorgo Novello (mideten), leiar delegasjonen som vitjar NHH i dag.
Italy day, studentar og næringslivsfolk 08.10.15 (foto: Hallvard Lyssand)
NHH-student Turi Regine Pettersen har vore på utveksling i Italia. Her i samtale med italienske næringslivsfolk.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive