2000 tek utfordringa

Bergen Challenge fyrverkeri (Foto: Bergen Challenge)

Å driva utandørsidrett i Bergen i oktober kan vera ei utfordring. Det stansar ikkje deltakarane i Bergen Challenge.

10.10.2014 - Hallvard Lyssand


Om lag 2000 deltakarar frå heile landet er påmelde til den tredje utgåva av studentleikane Bergen Challenge.

Opningsseremonien fann stad på Festplassen torsdag kveld, og inkluderte diverse band og festfyrverkeri.

Øvingane var likevel i gang alt frå torsdag føremiddag, og spennvidda er stor. Det vert konkurrert i alt frå Bordtennis, stup og baseball, til rugby, sjakk og motbakkeløp.

I NHH sitt nærområde kunne torsdag få med seg alt frå halvmaraton til nokså fuktige Lacrosse-kampar på Stemmemyren.

BC har også fått sleppa til i det splitter nye symjeanlegget AdO-arena, som enno ikkje er opna for publikum.

- Dette ser vi på som ei ære og ei tillitserklæring, seier BC-leiar og NHH-student Jørgen Jøsok Mathisen.

Han har selskap av om lag 450 andre NHH-studentar som bidreg til arrangementet på ulike vis.

Bergen Challenge varar til søndag 12. oktober.

Bergen Challenge Lacrosse (Foto: Kenza Taoufik, Bergen Challenge)
Lacrosse-kamp på Stemmemyren torsdag.
Foto: Kenza Taoufik, Bergen Challenge
Bergen Challenge har hovudkvarter på Festplasssen (Foto: Bergen Challenge)
Bergen Challenge har hovudkvarter på Festplasssen.
Foto: Bergen Challenge
Funksjonærar Bergen Challenge 2014 (Foto: Bergen Challenge)
450 NHH-studentar bidreg for å få Bergen Challenge til å koma trygt i hamn.
Foto: Bergen Challenge

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive