Vikarierer som mediekontakt

Hanna Kathrine Sommerstad (Foto: Hallvard Lyssand)

Hanna Kathrine Sommerstad har byrja i eit seks månader langt vikariat ved Informasjonsavdelinga.

07.09.2012 - Hallvard Lyssand


Hanna Kathrine Sommerstad er 24 år og frå Larkollen i Østfold.

Ho har ein bachelorgrad sett saman av eitt år med utviklingsstudiar og to år med medievitskap ved UiO, samt eitt utvekslingsår der ho studerte statsvitskap og forskingsformidling ved University College London.

Ho leverte masteroppgåva si i Political Communication ved Goldsmiths University of London tre dagar før ho byrja i vikariatet som mediekontakt ved NHH.

Ved sidan av studiane har Sommerstad arbeidd som journalist i Moss Avis i sju år.

Då stillinga ved NHH dukka opp såg ho sitt snitt til å få prøva seg på den andre sida av bordet.

- Eg kjente litt til avdelinga frå før og hadde eit godt inntrykk. Mediekontaktjobben var ein perfekt mogelegheit til å prøva å driva formidling på ein annan måte enn eg har gjort som journalist, seier ho.

Til stillinga høyrer mellom annan oppgåver som mediekontakt og anna presserelatert arbeid, forskingsformidling og medietrening av forskarar.

I eit sjeldan anfall av fredagssmåprat prøvde Paraplyens utsende seg med litt Reiseradioen-innprenta geografikunnskap. Det slo frykteleg feil.

Larkollen camping er nemleg ikkje Larkollens stoltheit. Det er dessutaneigentleg langt frå det ekte Larkollen. Sommerstad har aldri vore på campinga i det heile og har ingen planar om å dra dit. Paraplyen kan ikkje anna enn å beklaga heile opptrinnet og gjera ein lite ærerik retrett inn i spikarteltet.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive