NHH inne på Shanghai-rankinga

Shanghai-rankinga (Illustrasjon)

NHH er for første gong inne på den svært anerkjente Shanghai-rankinga av verdas 200 beste universitet og høgskular innan økonomi.

12.09.2012 - Hallvard Lyssand


Centre for World-Class Universities ved Shanghai Jiao Tong-universitetet har publisert rangeringa Academic Ranking of World Universities (ARWU) sidan 2003.

Dei presenterer både ei liste over verdas 500 beste universitet og rangeringar innanfor ei rekkje ulike fagfelt.

Rangeringane fokuserer primært på forsking. Ein vektlegg både talet på publiseringar og kor stor prosentdel av det totale talet som er publisert i dei aller beste tidskrifta på fagfeltet.

Vidare veg det tungt å ha forskarar som er mykje sitert. I tillegg løner det seg å ha Nobelprisvinnarar eller tilsvarande i staben eller blant alumni.

Topp 150

NHH er med på lista Academic Ranking of World Universities in Economics/Business.

Dei femti øvste på lista er rangerte, medan dei resterande 150 er samla i grupper frå 51 til 75, 76 til 100, 101 til 150 og 151 til 200.

NHH er i gruppa frå 101 til 150, saman med blant andre Universitetet i Oslo, CBS, Århus Universitet, Handelshögskolan i Stockholm, Stockholms universitet og HEC Paris.

Den einaste nordiske institusjonen som er høgare plassert er Københavns universitet (76-100).

- Shanghai-rangeringa er blant dei aller mest anerkjente universitetsrangeringane. Vi er svært nøgde både med å vera med på rangeringa for første gong og at vi hevdar oss så godt. Her er vi til dømes rangert likt med eller framfor ei rekkje av handelshøgskulane det er naturleg å samanlikna oss direkte med, seier NHH-rektor Jan I. Haaland.

USA-dominans

Institusjonar i USA dominerer kraftig i toppen av dei fleste av ARWU-listene.

Economics/Business-lista vert toppa av Harvard University, med University of Chicago på andre og MiT på tredje.

Først på 13. plass kjem LSE, som første ikkje-amerikanske institusjon. 42 av topp 50-institusjonane ligg i USA, og av dei første 100 er 70 i USA og ti i Canada.

Om lag 30 europeiske institusjonar er inne på lista over dei 150 beste, medan15 er inne på topp 100.

Topp 500-lista er ei rangering som inkluderar alle fagområde og dermed samlar breiddeuniversiteta.

Også her tronar Harvard University øvst, og det for 10. gong.

Universitetet i Oslo er best av dei norske universiteta på 67. plass.

Dei 200 beste forskingsinstitusjonane innan økonomi 2012

Dei 500 beste universiteta i 2012

Les meir om rangeringsmetoden


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive