Konferanse om språk og klima

Konferanse om språk og klima (Illustrasjon)

Kva betyr språkbruk når det kjem til handling eller mangel på handling i klimaspørsmål? Språkmiljøa frå NHH og UiB tek opp spørsmålet under ein konferanse 25. oktober.

02.10.2012 - Hallvard Lyssand


Klimaendringar er blant vår tids største utfordringar, og forsking tyder på at haldningar til klimaspørsmålet vert prega av korleis saka vert kommunisert. Men i kva grad og på kva måte spelar språkbruk ei rolle når det kjem til handling eller mangel på handling?

Dette er utgangsspørsmålet på den internasjonale konferansen med tittelen Does Language Matter? Perspectives on Language Use in Climate Change Text and Talk.

Her samlast leiande forskarar, politikarar og pressefolk for å kasta lys over spørsmålet om språkets rolle i kommunikasjon om klimaendringar frå ulike perspektiv og fagfelt.

Professor Trine Dahl frå Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon ved NHH og professor Kjersti Fløttum frå Institutt for fremmedspråk ved UiB er fagleg ansvarlege for programmet.

Dei innleiande føredraga torsdag 25. oktober er ved professor Marianne Ryghaug (NTNU/CenSES), professor George Philander (Princeton) og Dr. Michael D. Jones (Harvard).

Ryghaug stiller følgjande spørsmål i si førelesing: "How can we understand public sense making processes and the appropriation of the climate change problem?"

Philanders sitt utgangspunkt er at fenomenet global oppvarming er polarisert fordi det involverer både vitskap og etikk.

Jones tek utgangspunkt i spørjeundersøkingsbaserte eksperiment frå USA i 2009 og 2010, og spør korleis ein kan oppnå eir effektiv kommunikasjon ved å gjera bruk av såkalla narrativ-strukturar og aktørar i desse narrativa i formidling av klimasaka.

Etter lunsj torsdag vert det paneldebatt med deltakarar frå politikk, næringsliv og organisasjonar.

Fredag 26. oktober vert det skipa til workshop om tematikken for PhD- og masterstudentar.

Sjå heile konferanseprogrammet og praktiske opplysningar

Arrangementet finn stad i Egget på Studentsenteret, og er finansiert med støtte frå Noregs Forskingsråd sitt Samkul-program.

For meir informasjon, kontakt Trine Dahl, tlf.: 55 95 93 40.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive