Feirar Ingrid Simonnæs
I dag (tysdag 15. mai) er staben ved FSK og ei rekkje utanlandske gjester samla til seminar for å heidra professor Ingrid Simmonæs i høve 70-årsdagen hennar.
15.05.2012 - Hallvard Lyssand
Då ho ønskte velkomen til seminar tysdag føremiddag kunne instituttleiar Sunniva Whittaker opplysa at det er første gong FSK arrangerer eit fagseminar for ein jubilant, og at instituttet dermed sluttar seg til ein lang NHH-tradisjon.
Professor Simonnæs arbeider m.a. mykje med juridisk termar og oversetting av juridisk språk, og førelesarane på seminaret er kollegaer som deler denne interessa.
Sjå heile programmet for seminaret
Professor Klaus-Dieter Baumann frå Universität Leipzig var første gjesteførelesar under seminaret. Han hadde med gåver til både jubilant og institutt i form av Meissen-porselen og marsipan med meir.
|