Heiderspris til Siv Skard
Førsteamanuensis Siv Skard ved Institutt for strategi og ledelse er tildelt Sponsor- og eventforeningen sin heiderspris for si forsking på sponsing.
06.02.2012 - Red.
Då Siv Skard disputerte ved NHH i 2010 med avhandlinga "Communication Effects in Sponsorships: An assessment of how different communication strategies can enhance incongruent sponsorships", var ho ifølgje Sponsor- og eventforeningen den første som avla doktorgrad med sponsing som tema.
Innsatsen for å kasta lys over fagområdet gjennom forsking, samt både brei og djup kompetanse og ei framifrå evne til å formilda stoffet er hovudårsakene til at NHH-forskaren er tildelt foreininga sin heiderspris.
Les meir om pristildelinga på Sponsor- og eventforeningen sine nettsider
Les meir om Siv Skard si forsking i sak henta frå NHH Bulletin nr. 2, 2010
|