Første styremøte i 2012
Onsdag 15. februar kjem NHH-styret saman for første gong i år. På agendaen står m.a. økonomirapport for 2011, utkast til Rapport og planer for 2012, samt en sak om NOKUT-evalueringen som skal gjennomførast til hausten.
13.02.2012 - Hallvard Lyssand
Saklista til styremøtet inneheld i alt 16 vedtakssaker og nokre meldingssaker.
I tillegg til økonomirapport for fjoråret og utkast til Rapport og planer for 2011-2012, skal styret m.a. få ei oppdatering om status i nybyggsaka.
Det vil også bli gitt ei oppdatering om omorganiseringsprosessen i administrasjonen.
Hausten 2006 godkjente NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) NHH sitt system for kvalitetssikring av utdanninga.
Komande haust er det klart for ei ny evaluering, noko som blant ann omfattar to vitjingar frå ein sakkyndig komité. På møtet onsdag vil styret få informasjon om prosessen og forslag til framdriftsplan.
Sjå saksdokumenta til styremøte på nhh.no
|