Ledig stilling som seksjonsleiar i økonomiseksjonen

Ved NHH er det ledig stilling som seksjonsleiar ved seksjon for økonomi. Seksjonsleiaren rapporterer til avdelingsleiaren ved Avdeling for styring, økonomi og drift.

14.12.2012 - Red


Verksemda og organiseringa til NHH er i endring og utvikling. Den som blir tilsett, får gjennom funksjonen sin aktivt bidra i det spennande utviklingsarbeidet. Aktuelle kandidatar har gjennom leiarerfaringa si vist evne til å utvikle medarbeidarane sine. I samband med det vil NHH leggje stor vekt på leiareigenskapar som evne til å inspirere og motivere medarbeidarane, og evne til relasjonsbygging og samarbeid på tvers i organisasjonen.

Stillinga er svært sjølvstendig, og den som blir tilsett, må ha utstrekt samarbeid med andre delar av høgskuleorganisasjonen og andre institusjonar i sektoren.

Seksjonsleiaren vil ha ansvar for rekneskaps- og lønnsarbeidet ved høgskulen i tillegg til rapporteringsansvar overfor departementet og styret og einingane ved høgskulen. I tillegg er innkjøpsfunksjonen ved høgskulen lagd til seksjon for økonomi.

Den som blir tilsett, vil òg bli involvert i arbeidet med å vidareutvikle og halde ved like økonomisystemet til høgskulen (Agresso) og andre tilhøyrande datasystem. Stillinga krev derfor god brukarkjennskap til administrative datasystem.

Søkjarane må vere utdanna siviløkonom eller tilsvarande. Det er ein fordel med fagleg fordjuping innanfor rekneskap og/eller økonomistyring.

NHH bruker Agresso økonomi-, lønns- og personalsystem og forsystema Basware og Current. Det er ein klar fordel om søkjarane har erfaring med desse systema. Søkjarane bør òg ha god kjennskap til statleg økonomistyring.

Stillinga er plassert i kode 1054 kontorsjef og blir lønna etter statens regulativ i lønnstrinn 65-70, avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 prosent som innskot i Statens pensjonskasse.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppfordra til å søkje på stillinga.

Nærmare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte avdelingsleiar (økonomisjef) Klas Rønning, tlf. 55 95 93 96.

Søk stillinga på www.nhh.no innan 6. januar 2013.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive