Ny controller ved økonomiavdelinga
Økonomiavdelinga har fått ein nytilsett, men Monica Granli er ingen nykomar ved NHH.
25.03.2011 - Hallvard Lyssand
Då Monica Granli tok til i jobben ved økonomiavdelinga onsdag var det i realiteten meir tale om ein retur enn ein heilt ny start.
Rett nok har ho ikkje arbeidd som controller tidlegare, men 37-åringen er siviløkonom frå NHH i 2003, og arbeidde i personalavdelinga og seinare i økonomiavdelinga i perioden frå 2004 til 2007.
Dei siste to og eit halvt åra har ho vore systemansvarleg for lønssystema i Helse Bergen. Ho har også fem års erfaring med personalarbeid i Manpower.
- Controllerstillinga vil truleg omfatta mykje budsjettarbeid, men det vert nok ein del andre oppgåver, seier Granli til Paraplyen.
|