NHH og UiB etablerer senter for konkurransepolitikk

NHH og Bergen (Arkivfoto)

Bergen vert base for eit nytt nasjonalt forskingssenter innan konkurransepolitikk. Senteret vert etablert av forskarar ved NHH og Universitetet i Bergen i samarbeid med Konkurransetilsynet.

18.03.2011 - Hallvard Lyssand


Senter for konkurransepolitikk (Bergen Centre for Competition Law and Economics) skal samla forskarar og doktorgradsstudentar ved NHH og UiB i eit miljø.

Målet er m.a. å styrka ekspertisen innan konkurranseøkonomi og konkurranserett ytterlegare, og senteret skal spela ei aktiv rolle innan forsking og undervisning og ved å arrangera seminar og konferansar innan konkurransepolitikk.

Møteplass for fri forsking

Lars Sørgard og Tommy Staahl Gabrielsen (Foto: Arkiv/privat)
Lars Sørgard og Tommy Staahl Gabrielsen.
Foto: Arkiv/privat

Initiativtakarane til senteret er professorane Lars Sørgard ved Institutt for samfunnsøkonomi ved NHH og Tommy Staahl Gabrielsen ved Institutt for økonomi ved UiB.

- Vi ønskjer å skapa ein møteplass for forskarar innan økonomi og konkurranserett, seier Sørgard til Paraplyen.

Konkurransetilsynet - der både Sørgard og Gabrielsen har arbeidd -er ein viktig støttespelar i samband med etableringa av senteret, og planane vart presentert i samband med eit seminar for avtroppande konkurransedirektør Knut Eggum Johansen torsdag.

Der var også Fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud, som hadde med seg kr 500.000 som bidrag til oppstart av senteret.

- Både Konkurransetilsynet og departementet har vore viktige fødselshjelparar, men forskinga vert fri, understrekar Sørgard.

Han får støtte frå Knut Eggum Johansen.

- Dette må vera ein akademisk institusjon. Tilsynet vil sannsynlegvis bli representerte i eit framtidig styre eller råd, men forskinga skal vera uavhengig, seier den avtroppande direktøren til UiB si internavis På Høyden.

Konkurransehovudstaden

Dei endelege detaljane kring organisering og plassering er ikkje klare førebels, men vona er at senteret skal vera i gang i løpet av hausten.

Knut Eggum Johansen er uansett ambisiøs på senteret sine vegner.

- Vår ambisjon er å gjøre Bergen til en hovudstad for konkurransepolitikk - ikkje berre i Noreg, men i Norden og på sikt kanskje også i Europa, seier han i ei pressemelding frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Les meir i sak frå På Høyden

Les pressemelding frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive