Lena Kokab får bli
Etter fleire års kamp og ei rekkje avslag har Lena Kokab fått opphaldsløyve i Noreg.
03.03.2011 - Hallvard Lyssand
Lena Kokab og familien fekk onsdag beskjeden om at Lena har fått opphaldsløyve i Noreg, melder Bergens Tidende.
NHH-student Lena Kokab kom til Noreg frå Iran i 2002 saman med mora og broren. Ingen av dei hadde tilfredsstillande identifikasjonspapir, men slektningane fekk innvilga sine asylsøknadar i 2007.
Lena fekk derimot avslag. Årsaka var at ho hadde gifta seg med ein norsk statsborgar medan asylprosessen føregjekk. Konsekvensen vart at ho måtte endra status frå asylsøknad til familiegjenforeining, og då er krava til identifikasjon strengare.
Etter to nye avslag i 2008 og 2009 gjekk Kokab til søksmål mot staten. Men før saka kom for retten handsama Utlendingsnemnda saka hennar på nytt, og denne gongen vart altså konklusjonen at ho har krav på opphald.
NHHS har engasjert seg sterkt i Kokab-saka, mellom anna gjennom aksjonen "La Lena bli."
|