Gode tilbakemeldingar for Fagspråkkonferansen

Fagspråkkonferansen 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)

- Tilbakemeldingane frå deltakarane var svært positive, og det tyder på at vi trefte godt med både føredragshaldarar og tematikk, oppsummerar professor Trine Dahl etter den tiande utgåva av Fagspråkkonferansen.

14.03.2011 - Hallvard Lyssand


Fredag og laurdag arrangerte Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon (FSK) Fagspråkkonferansen under tittelen "Specialised Communication in a Globalised Business Community."

Om lag 50 deltakarar fekk høyra foredrag av fagfolk frå fire europeiske universitet, samt leiaren for EU sitt oversettarsenter, som held til i Luxembourg.

- Konferansen rettar seg både mot akademikarar og praktikarar som translatørar og språkmedarbeidarar i verksemder, og todelinga kan vera utfordrande når vi skal setja saman eit program, seier professor Trine Dahl ved FSK.

- Vi tykte likevel vi trefte godt både med føredragshaldarar og det dei la vekt på, og tilbakemeldingane frå deltakarane var svært positive, legg ho til.

I tillegg til fem inviterte føredragshaldarar presenterte fleire av representantane frå fagstaben ved FSK forskingsprosjekta sine.

- Vi fekk vist oss fram og vist breidda i forskingsaktiviteten ved instituttet, og også her var tilbakemeldingane gode, fortel Dahl.

Fagspråkkonferansen 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
Fagspråkkonferansen 2011 samla om lag 50 deltakarar til føredrag om m.a. forretningskommunikasjon, tospråklegheit og translatørkompetanse, translatøroppgåver for ulike EU-organ og presentasjon av forskingsaktivitetar ved FSK.
Ingrid Simonnæs og Jan I. Haaland (Foto: Hallvard Lyssand)
Rektor Jan I. Haaland - her i samtale med professor Ingrid Simonnæs frå FSK- opna den 10. Fagspråkkonferansen, som var ein del av NHH sitt 75-årsjubileum.
Professor Mirjaliisa Charles, Fagspråkkonferansen 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor emerita Mirjaliisa Charles frå Aalto University Business School heldt føredraget "Business Communication - Mapping a Road for the Future." Ho kunne elles opplysa at også hennar institusjon har som mål å bli blant dei beste handelshøgskulane i Europa.
Professor Maragaret Rogers, Fagspråkkonferansen 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor Maragaret Rogers frå University of Surrey si førelesing bar tittelen "LSP, LSP Translation and Creativity."
Wolfgang Lörscher, Fagspråkkonferansen 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
Professor Wolfgang Lörscher frå Universitetet i Leipzig hadde kalla sitt føredrag "Bilingualism and Translation Competence."

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive