Sentralbankens fanklubb
Foredragshaldarane og paneldeltakarane under fredagens Lehmkuhlkonferanse var såpass samstemte i sin ros til Norges Bank at dei vart kollektivt innmeldt i sentralbankens fanklubb.
24.09.2010 - Hallvard Lyssand
Fredag heldt sentralbanksjef Svein Gjedrem årets Lehmkuhlførelesing. I forkant av førelesinga arrangerte som vanleg NHH og Bergen Næringsråd eit frukostseminar, og her var hovudtemaet sentralbanken og tilhøvet til norsk næringsliv.
Innleiarar var professorane Thore Johnsen og Øystein Thøgersen, og seniorøkonom Kjersti Haugland frå DnB NOR Markets.
Felles for alle tre var at dei var såpass positive til måten Norges Bank løyser oppgåvene sine på at debattordstyrar Atle Kvamme frå Bergen Næringsråd melde alle inn i sentralbankens fanklubb.
Etter kvart synte det seg forøvrig at også næringslivsrepresentantane i debattpanelet, Magny Øvrebø (Nordea Liv) og Anders Skjæveland (Vital) også tilhøyrde fanklubben.
Norges Bank fekk ros for å vera føreseieleg, truverdig og open, og såleis for å bidra til å skapa stabile rammevilkår for næringslivet.
Innlegg på Lehmkuhlkonferansen 2010:
- Norges Bank Investment Management si handsaming av oljefondet er ein suksesshistore, og ei anna organisering ville ikkje gjeve betre resultat. Men i framtida bør oljefondet flyttast ut av Norges Bank, sa professor Thore Johnsen. Han er forøvrig vand med å få verbal juling frå pressehald i forbindelse med oljefondet sine investeringsstrategiar, særleg i samband med tap.
- Norges Bank styrer ikkje norsk næringsliv. Deira oppgåve er å styra inflasjonen. Men rentesettinga påverkar næringslivet, og sentralbanken kan bidra til stabile rammevilkår, sa NHH-alumni og seniroøkonom, Kjersti Haugland, frå DnB NOR Markets. Ho har arbeidd fleire år i Norges Bank, men avkrefta eit rykte om at ho hadde ein plakat av Svein Gjedrem på lesesalsplassen sin alt medan ho studerte.
Sentralbanksjefar sine ord veg tungt og må derfor vegast på gullvekt, men å tolka bodskapen er ikkje alltid like lett. - Kodeorda si tid er likevel forbi. Tru på det som blir sagt ganske rett fram. Det meiner eg er ein overlegen strategi når de no skal lytta til Svein Gjedrem, sa professor og tidlegare styremedlem i Norges Bank Øystein Thøgersen, då han innleidde om sentralbanksjefens kommunikasjonsutfordringar. Alan Greenspan til venstre.
Debattpanelet på Lehmkuhlkonferansen. Frå venste Øystein Thøgersen, Kjersti Haugland, Thore Johnsen, Magny Øvrebø og Anders Skjævestad.
|