Opprykk, omrokeringar og nytilsetjingar
Studieadministrasjonen og Internasjonalt kontor får både "gamle" tilsette i nye roller og heilt nye tilskot i desse dagar.
01.09.2010 - Hallvard Lyssand
Studieadministrasjonen er den avdelinga som opplever flest endringar.
Studiesjef Jorun Gunnerud har permisjon, og Kjersti Berg Danilova er vikar i stillinga fram til neste sommar.
Kjersti Berg Danilova er vikarierande studiesjef, medan Kjetil Sudmann Larssen er vikarierande kontorsjef.
Med Danilova sitt opprykk til studiesjef vart det ledig eit vikariat som kontorsjef.
Den stillinga fekk Kjetil Sudmann Larssen, som i utgangspunktet var seniorkonsulent i Studieadministrasjonen.
Reint formelt byrjar begge i sine nye stillingar 13. september, men m.a. grunna ferieavvikling er dei i realiteten alt i gang.
Stella Gjerstad.
Samstundes er det lyst ut to stillingar i Studieadministrasjonen. Den eine er jobben Sudmann Larssen forlét, den andre er ei stilling Stella Gjerstad har i augneblinken.
Gjerstad går seinare i september frå Studieadministrasjonen over i ei fast stilling som førstekonsulent ved Internasjonalt kontor. Der skal ho m.a. arbeida med utveksling og oppgåver knytt til CEMS.
Yngvild Hjetland.
Yngvild Hjetland er også ny ved Internasjonalt kontor. Hjetland kom frå Personalavdelinga og byrja i eit eittårig vikariat 16. august.
Ho arbeider med bachelor- og masterstudentar som skal på utveksling til NHH sine partnarinstitusjonar i Nord-Amerika og delar av Europa. I tillegg skal ho m.a. arbeida med nettpublisering.
Ny vikar
Lene Baldersheim.
Søknadsfristen for dei to stillingane i Studieadministrasjonen er 4. september, og det er venta at venta at det kan ta ei viss tid å få nye personar på plass i desse jobbane.
I mellomtida er derfor Lene Baldersheim tilsett i eit vikariat i avdelinga frå i dag (onsdag 1. september) og ut februar 2011.
28 år gamle Baldersheim har mastergrad i samanliknande politikk og har arbeidd i NAV sidan ho var ferdig med studiane.
Ho skal vera sekretær for programutvalet for bachelorutdanninga, og etter kvart arbeida med studierettleiing og opptak til bachelor.
På spørsmål om kvifor ho søkte seg til NHH seier Baldersheim at vona m.a. er å få arbeida meir med det ho har utdanna seg til.
|