Ny postdoktor ved RRR

Tiago Pinheiro (Foto: Hallvard Lyssand)

Tiago Pinheiro byrja nyleg som postdoktor ved Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap. In English

21.10.2010 - Hallvard Lyssand


Den 29 år gamle portugisaren Tiago Pinheiro slutta seg til instituttet i august.

Han studerte ved Universitetet i Porto og tok doktorgrad ved University of Chicago.

- Forskingsinteressene mine er primært innan informasjons- og omdømeproblem, særleg i rekneskap- og finanssamanheng. Eg er også oppteken av andre tema innan corporate finance og verdisetting, seier han.

I løpet av det siste året ved Universitetet i Chicago søkte Pinheiro om stilingar ved ei rekke institusjonar. Første gong han møtte representantar frå NHH var ved AFA sin årlege konferanse.

Etter nokre veker i Bergen er han i ferd med å finna seg godt til rette.

- Alt er framleis litt nytt, men instituttet gjev meg solid støtte og oppmuntrar til forsking. Eg har ikkje undervist enno, men det skal eg, og eg gler meg til å møta NHH-studentane. eg har høyrt mykje positivt om innsatsen og entusiasmen deira, seier Pinheiro.

- Bergen er dessutan ein fin by å bu i. Ein kan gå frå sentrum og ut i skogen på ti minuttar. Der kort veg til alt, sluttar han.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive