Fokuserer på framtidas føretaksløysingar
Kva er dei mest effektive løysingane for selskap som vil veksa og utvikla seg i ein framtidig situasjon der omstilling vert den nye norma? NHH sitt nye tverrfaglege, bedriftsorienterte satsingsprogram FOCUS skal jakta på svara. Onsdag inviterer prosjektleiinga til informasjonsmøte.
02.11.2010 - Hallvard Lyssand
Korleis skal verksemder takla ei framtid i ein stadig meir internasjonalisert verden der eigarskapsformene endrar seg kontinuerleg, bransjegrenser og organisatoriske grenser vert stadig meir flytande og medarbeidarane i aukande grad er multikulturelle og høgkompetente?
Dette er grunnleggjande problemstillingar for NHH-miljøet sitt forskingsprogram FOCUS (Future-oriented Corporate Solutions), som også er ein viktig del av handlingsprogrammet NHH 2021.
Målet er å utfordra eksisterande teori, og å utvikla nye teoriar og modellar for å hjelpa bedrifter til å takla usikkerheit og gjera dei betre rusta til å takla utfordringane som ventar i det komande tiåret.
Tverrfagleg
- FOCUS er ei nyskaping basert på ei erkjenning av at vi treng eit tverrfagleg program som fokuserer på utfordringar innanfor bedrifter i dei komande åra, seier førsteamanuensis Inger Stensaker ved Institutt for strategi og ledelse.
Stensaker er leiar av programmet og ein del av eit kjerneteam sett saman av fem forskarar frå SNF og ulike institutt ved NHH.
- Vi er i gang med eit forprosjekt som skal gå fram til våren 2011 og leggja grunnlaget for hovudprogrammet. Målet er å få ulike miljø til å trekkja saman, og så langt er om lag 30 forskarar involverte, seier Stensaker.
- Organiseringsmessig har vi sett i retning Krise, omstilling og vekst, og korleis dei der har fått til ei brei mobilisering der perspektiv frå ulike delar av NHH-miljøet vert retta mot eit problem. Eit anna døme er Beyond Budgeting-prosjektet, der det vart bygd bru mellom SOL og RRR, og samarbeidd med Statoil. Vi har også erfaring frå bedriftssamarbeid både gjennom følgjeforskingsprosjektet knytt til Statoil-Hydro-fusjonen og GOLD-prosjektet, legg ho til.
Bedriftsorientert, men ikkje oppdragsforsking
Nettopp samarbeid med næringslivet er ein sentral del av FOCUS.
Næringslivskomiteen som er oppretta i samband med NHH sitt 75-årsjubileum i 2011 har bidrege aktivt både med idear til tema og problemstillingar, og med å skaffa finansiering av forprosjektet.
- SNF bidreg med kr 500.000 til forprosjektet. I tillegg har vi ti bedriftspartnarar som alle bidreg med kr 100.000 kvar. Men bedriftene ønskjer også å bidra direkte, og vi skal ha arbeidsseminar saman med dei og driva andre former for "sparring" for å få fram praktiske orienterte og relevante problemstillingar, seier Stensaker.
Ho understrekar likevel at det ikkje er tale om oppdragsforsking.
-Vi skal ikkje levera noko til bedriftene, men dei skal melda tilbake om dei finn det vi arbeider med interessant. På sikt kan det også bli aktuelt å samarbeida om forsking og å samla data i bedriftene, slik det tidlegare er gjort i GOLD og Beyond Budgeting.
Førsteamanuensis Inger Stensaker er leiar for FOCUS.
Foto: Kristian Helgesen
Gode spørsmål
I samband med forprosjektet er det likevel meir grunnleggjande arbeid som skal gjerast.
- Vi har utforma fire nøkkelspørsmål som vi meiner må svarast på om bedriftene skal takla utfordringane dei vil stå overfor i 2021.
• Korleis fatta viktige og riktige langsiktige strategiske avgjerder i høve verdsetting og finansiering når aktiva stort sett er immaterielle?
• Korleis sikra effektiv styring og kontroll av verksemda?
• Korleis utvikla endringskapasitet i organisasjonen?
• Korleis skapa eit konkurransefortrinn basert på høgt kompetente medarbeidarar?
- Gjennom forprosjektet fram mot våren 2011 skal ein leggja fundamentet for det påfølgjande hovudprosjektet ved å kartleggja eksisterande forsking knytt til dei fire utvalde nøkkelspørsmåla og finna ut kva som er utfordringane og problema med eksisterande teoriar. Vidare må vi utforma spissa forskingsspørsmål for langsiktig forsking på NHH og forslag til korleis desse kan forskast på, forklarar Stensaker.
- Det handlar om å setja fingeren på dei gode spørsmåla og avgjera kva vi skal satsa på. Og det er viktig å vera oppdatert, held ho fram.
- Men bedriftene eksisterar og konkurrerer alt i den omskiftlege verda de skildrar, og må arbeida aktivt med endringar heile tida. Maktar forskinga å vera rask nok til å halda tritt med og til og med å vera i forkant av utviklinga?
- Nokre gonger er bedriftene raskare enn forskarane og kjem på ting sjølve. Men det er heilt greitt, og det vert ikkje mindre interessant av den grunn. Mykje av det vi arbeider med har vi plukka opp i bedrifter, men vi har ei systematisk og analytisk tilnærming til å forstå løysingane bedriftene velgjer og konsekvensane dei kan ha, påpeikar Stensaker.
- Utgangspunktet vår er å sjå kva som hender i samfunnet og spørja kva det vil seia for bedriftene. Nokre utviklingstrekk kjenner vi, slik som stadig meir kompetente medarbeidarar, meir multikulturelle arbeidsmiljø, nye samarbeidskonstellasjonar og nye tilhøve til kundane. Men mykje veit vi ikkje, og jobben vert å tenka framtidige føretaksløysingar, forstå dei når vi ser dei og såleis svara på korleis verksemder kan vera meir effektive i 2021.
Inviterer til informasjonsmøte
Onsdag 3. november frå 14.15 til 15 vert det informasjonsmøte om FOCUS i auditorium Karl Borch.
Her vil m.a. medlemane av kjerneteamet presentera nøkkelspørsmåla nærare.
- Møtet er ope for alle interesserte. Vi ønskjer som sagt å mobilisera breitt og syta for at prosjektet er i konstant utvikling, og skal vi få det til treng innspel frå mange hald, avsluttar seier Stensaker.
|