Språkrådet held nynorskseminar
Språkrådet inviterer statstilsette til seminaret Nynorske hjelpemiddel og kurstilbod for statsforvaltninga.
09.03.2010 - Red.
Seminaret skal haldast i Statens hus i Bergen torsdag 25. mars frå 09.00 til 14.30.
Her vil selskapet Nynodata presentera omsetjingsprogrammet Nyno, som set om tekstar frå bokmål til nynorsk, og andre produkt frå firmaet.
Vidare presenterer NRK Nynorsk mediesenter og Høgskulen i Sogn og Fjordane sine kurstilbod for statsforvaltninga.
Dessutan vil Grete Riise, leiar for nynorskrettskrivingsnemnda til Språkrådet, presentera arbeidet med ei revidering av nynorskrettskrivinga, som skal vera ferdig våren 2011.
Seminaret er gratis.
Send påmelding til stat@sprakradet.no seinast måndag 22. mars.
Spørsmål kan rettast til rådgjevar Kjetil Aasen i Språkrådet.
E-post: kjetil.aasen@sprakradet.no
Telefon: 22 54 19 68
|