NHH markerer Earth Hour
Laurdag 27. mars markerer byar, institusjonar, bedrifter og privatpersonar over heile kloden klimaengasjement gjennom aksjonen Earth Hour, og i år som i fjor er NHH blant deltakarane. Aksjonsforma består i å sløkkja alt lys i ein time frå klokka 20.30 lokal tid.
23.03.2010 - Hallvard Lyssand
Earth Hour er ein verdsomspennande klimakampanje i regi av World Wide Fund for Nature (WWF).
Aksjonen dreier seg kort og godt om å sløkkja alle lys i ein time frå klokka 20.30 lokal tid laurdag 27. mars.
Formålet er å visa at folk faktisk bryr seg om klimaspørsmål og ønskjer bærekraftige løysingar og bindande avtalar om utsleppskutt.
I vekst
Aksjonen oppstod i Sydney i Australia i 2007. Då deltok ca. to millionar menneske.
I fjor var - i følgje WWF - talet på deltakarar stige til fleire hundre millionar menneske i 4000 byar i 88 land. Målet for årets aksjon er å få med ein milliard menneske i 6000 byar.
I Noreg deltok 1,7 millionar personar over 15 år, 107 kommunar, 201 bedrifter 120 organisasjonar og over 100 skular i 2009-aksjonen.
Årets mål er at halve landet skal bli med på Earth Hour. WWF har oppmoda Statsministerens kontor og departementa om å delta, og Kunnskapsdepartementet har sendt oppmodinga vidare til universitet og høgskular og bede om at alle tilsette vert informert om aksjonen.
Empire State, Golden Gate, Høyblokken, Askøybroen
Til inspirasjon nemner WWF at byar som Seoul, Hong Kong, Rio de Janeiro, Roma og Moskva alt er påmelde, og at landemerke frå Empire State Building i New York, Golden Gate Bridge i San Francisco, Bosporos-brua i Istanbul, Golden Palace i Bangkok og t.o.m. MGM Mirage i neonoasen Las Vegas vil bli mørklagde.
Som døme på offentleg innsats i 2009 vert det nemnt at lysa på Askøybroen vart sløkkt.
NHH deltok i 2009, og er påmeldt på nytt i år. Det tyder i praksis at blant anna det lokale landemerket, Høyblokken, vert mørklagd frå 20.30 til 21.30 laurdag 27. mars.
I år som i fjor vert alle som måtte vera på NHH i det aktuelle tidsrommet bedne om å respektera aksjonen og bidra i størst mogeleg grad ved å sløkkja lyset. NHH vil også oppmoda tilsette om å sløkkja elektrisk lys heime eller på hytta og melda seg på aksjonen som privatperson
Les meir om aksjonen hovudsida på www.earthhour.org
Eller på WWF Noreg sine Earth Hour-sider
|