Gjølberg vil bli UMB-rektor
Professor Ole Gjølberg driv valkamp for å bli rektor ved Universitetet for miljø og biovitenskap på Ås.
19.03.2010 - Hallvard Lyssand
I april skal Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) på Ås velja ny rektor.
Blant kandidatane Ole Gjølberg, som er professor ved Institutt for Økonomi og ressursforvaltning ved UMB. I tillegg til agronomutdanning er han siviløkonom (1972) og Dr. Oecon (1981) frå NHH, og professor II ved Institutt for foretaksøkonomi.
- Fordi eg meiner at eg kan bidra til å løfta UMB vidare innan utdanning og vitskap, svarar Gjølberg når Paraplyen spør kvifor han vil ha rektorjobben ved UMB.
Økonomi, rekruttering, publisering
Eit av valløfta til professoren er å retta opp økonomien til UMB. I 2009 hadde institusjonen eit driftsunderskot på 26 mill. kroner.
- Dette er ikkje berekraftig, konstaterer Gjølberg, og varslar både store og små endringar i økonomistyringa med vekt på kostnadskontroll og strenge prioriteringar dersom han vert valt.
- Vidare vil eg arbeida for å betre studentrekrutteringa til dei fagområda der søkinga er svak, særleg for ein del av det naturvitskapelige faga. Dette kan gjerast ved å fornye programporteføljen og å profilere fagtilboda på ein annan og betre måte enn i dag, seier Gjølberg.
Ei tredje sak han lover å tak i er å løfta den vitskaplege publiseringa både kvalitativt og kvantitativt.
- Det vil seia å auke talet på publikasjonar i dei leiande tidsskrifta (nivå 2) og å få til ei auke i publiseringspoeng per forskarårsverk, seier han.
Rektorvalet ved UMB finn stad i perioden 14.-16. april. Dersom ingen av kandidatane får 50 prosent av røystene vert det ein ny valomgang frå 19. til 21 april, skriv Østlandets Blad si nettutgåve.
UMB-professor og professor II ved Institutt for foretaksøkonoi ved NHH, Ole Gjølberg, vil bli rektor ved UMB. Her er UMB-rektorkandidaten (t.h.) fotografert i samtale med tidligere NHH-rektor Victor D. Norman i forbindelse med NFB-konferansen ved NHH i fjor.
|