Siste styremøte før sommaren
Ei rekkje økonomisaker, ei innstilling angåande administrativ organisering, forslag til retningsliner for språkpolitikk, revidert handlingsplan for internasjonalisering og innstilling av søkjarar til jobben som administrerande direktør ved NHH er blant sakene medlemene i NHH-styret får til handsaming når dei kjem saman onsdag 16. juni.
14.06.2010 - Hallvard Lyssand
Første del av sakslista til styremøtet er dominert av økonomisaker - nærare bestemt endeleg årsrekneskap og konsernrekneskap for NHH for 2009, samt økonomirapport for 1. tertial 2010 og revidert budsjett for 2010.
Vidare får styret lagt fram innstilling av kandidatar til jobben som administrerande direktør ved NHH. Saka er førebels unnateke offentleg innsyn.
Blant andre omfattande saker på agendaen er revidert handlingsplan for internasjonalisering 2010-2013, eit forslag til språkpolitiske retningsliner for NHH og ei innstilling angåande administrativ organisering.
Sistnemnte sak er del av ein større gjennomgang av NHH sin styrings- og organisasjonsstruktur som styret vedtok å setja i verk hausten 2007.
Møteinnkalling og saksdokument er tilgjengelege på nhh.no
|