Michelsen-stipend til Lars Ivar O. Berge
Doktorgradsstipendiat Lars Ivar Oppedal Berge ved Institutt for samfunnsøkonomi er tildelt kr 25000 frå fondet "Nationalgaven til Chr. Michelsen." Pengane skal brukast i tilknyting til eit pågåande forskingsprogram knytt til entreprenørskap og mikrofinans i Tanzania.
09.06.2010 - Hallvard Lyssand
Fondet "Nationalgaven til Chr. Michelsen" deler årleg ut stipend til framragande norske forskarar innan samfunnsvitskap og humaniora.
I ei pressemelding opplyser CMI at NHH-stipendiat Lars Ivar Oppedal Berge er tildelt årets stipend på kr 25000.
Berge er stipendiat ved Institutt for samfunnsøkonomi og arbeider med doktorgradsavhandlinga Microfinance: The impact of teaching entrepreneurship.
- Stipendet frå fondet skal brukast til feltstudiar og datainnsamling i Tanzania i tilknyting til eit omfattande forskingsprosjekt om mikroentreprenørar, mikrofinans og humankapital i utviklingsland: Social Capital and Group Lending in Tanzania, som vert leia av NHH-professorane Kjetil Bjorvatn og Bertil Tungodden, heiter det i pressemeldinga.
- Dette var veldig kjekt, og det gir stor inspirasjon til å halde fram med forskinga mi på desse områda, skriv Berge i ein e-post til Paraplyen sendt frå Berkeley, der han er i augneblinken.
- Tyder ei tildeling som dette at du får gjort noko i prosjektet som du elles ikkje kunne ha gjort?
- Stipendet fører utvilsamt til at kvaliteten på forskinga blir betre. Eksempelvis vil eg kunne auke storleiken på utvalet av mikroentreprenørar som eg intervjuar, svarar Berge.
"Nationalgaven til Chr. Michelsen" vart etablert gjennom friviljuge gåver frå det norske folk då Christian Michelsen gjekk av som statsminister i 1907.
Les meir om fondet på CMI sine nettsider
|