Siri Gloppen ny leiar av Raftopris-komiteen

Siri Gloppen (Foto: Gunta Wenge/Raftostiftinga)

Professor Siri Gloppen er utnemnt til leiar av Raftopris-komiteen. In English

26.02.2010 - Red.


Siri Gloppen er professor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen og forskingsdirektør for området Rights, Democracy and Development ved Chr. Michelsen Institute (CMI).

Gloppen har vore medlem av priskomiteen sidan 2002. Ho tek over leiar vervet frå Arne Liljedahl Lynngård, som har vore leiar dei siste åtte åra.

Priskomiteen har no følgjande medlemmer:

Siri Gloppen, professor, Institutt for samanliknande politikk, UiB og forskingsdirektør, CMI
Anne K. Bang, seniorforskar, Uni Global research centre, Bergen (ny)
Kjetil Bjorvatn, professor, Institutt for samfunnsøkonomi, NHH
Kjersti Fløttum, professor, Institutt for fremmedspråk, UiB (ny)
Thomas Frantsvold, redaktør, TDN Finans
Martin Paulsen, postdoktor, Institutt for fremmedspråk, UiB.
Arne Strand, forskningsdirektør, Peace, Conflict and the State, Chr. Michelsen Institute (ny)
Ragna Aarli, førsteamanuensis, Juridisk fakultet, UiB.

Raftostiftinga vart etablert til minne om NHH-professor Thorolf Rafto like etter at han døydde i 1986, og arbeider for å fremja åndsfridom, politisk fridomhet og næringsfridom som fundamentale element i mennesket sine rettar.

Kvart år delar stiftinga ut Raftoprisen til personar eller organisasjonar som har utmerkt seg i kampen for menneskerettane.

Raftopris-komiteen føreslår kandidatar til prisen. Styret for stiftinga avgjer kven som får prisen.

Vinnaren av Raftoprisen for 2010 blir annonsert 23. september, og prisen vert delt ut 7. november.

Les meir på Raftostiftinga sine nettsider


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive