Ragnhild Balsvik til styret i SSB

Ragnhild Balsvik (Arkivfoto: Ronny Bertelsen/Bygdanytt)

Postdok Ragnhild Balsvik ved Institutt for samfunnsøkonomi er utnemnt til styremedlem i Statistisk sentralbyrå.

01.02.2010 - Hallvard Lyssand


Finansdepartementet, som har det overordna ansvaret for Statistisk sentralbyrå, melde fredag at SSB-styret har fått ny samansetting.

Ein av dei to nye styremedlemmene er postdok Ragnhild Balsvik ved Institutt for samfunnsøkonomi.

Utnemninga gjeld frå i dag (måndag 1. februar) og ut 2013.

- I forskingssamanheng er eg tung brukar av data frå SSB, men førebels veit eg relativt lite om kva sjølve styrearbeidet inneber, og det skal verta artig å sjå kva det dreier seg om, seier Balsvik.

I tillegg til Balsvik vart professor Ragnar Torvik frå NTNU utnemnt til nytt styremedlem.

Direktør i Kreftregisteret, Frøydis Langmark, vart gjenutnemnt som styreleiar for ein ny fireårsperiode.

Med utnemning av Ragnhild Balsvik vil SSB-styret ha to representantar frå Institutt for samfunnsøkonomi. Professor emeritus Einar Hope er styremedlem med funksjonstid fram til 30. juni 2011.

Statistisk sentralbyrå (Kjelde Finansdepartementet og ssb.no):

SSB utarbeidar og gjer ut offisiell statistikk i Noreg, og har i tillegg ein betydeleg verksemd knytte til forsking

SSB har ca. 1000 tilsette(2008) fordelt mellom Oslo og Kongsvinger, samt 235 telefonintervjuarar.

SSB dekkjer dei aller fleste samfunnsområda, og utarbeidar til eksempel statistikk og analyser om samfunnsøkonomi, næringsutvikling og befolkning.

SSB har ansvaret for nasjonalrekneskapen og anna viktig økonomisk statistikk - informasjon som blant anna vert nytta i arbeidet med nasjonalbudsjettet og langtidsprogrammet.

Andre døme på økonomisk statistikk er tal for Noregs handel med utlandet, skatteinntekt, prisstigning, produksjon, sysselsetting og arbeidsløyse.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive