Sikrar skråning mot ras

Rassikring (Foto: Hallvard Lyssand)

På oppdrag frå NHH er firmaet Betongrenovering drift AS i gang med å sikra skråninga mellom Breiviksveien og NHH mot ras. Det vil m.a. få følgjer for parkeringstilhøva ved Merino.

23.04.2010 - Hallvard Lyssand


Sikringsarbeidet omfattar heile skråninga i området mellom NHH og Breiviksveien forbi Merinobygget og i retning Jæger Brygge.

ATD-leiar Erik Lundberg opplyser at det dreier seg om boltesikring av fjellet for å forhindra ras.

- Det er dessutan fremja krav om at dette sikringsarbeidet vert utført før det kan setjast i gang arbeid med NHH sitt planlagte nybygg, opplyser han.

Arbeidet kom i gang i byrjinga av denne veka og vil medføra nokre konsekvensar.

Parkeringsplassen i botn av Merino-bakken vert stengt. Delvis av tryggleiksmessige årsaker, men også fordi plassen skal nyttast til lagringsplass etterkvart som det vert rydda skog og stein i området.

Breiviksveien sør for Merino i retning Nyhavn vil også verta stengt i periodar.

Gangvegen mellom NHH og Merino vil i utgangspunktet vera open, men også den kan verta stengt dersom tryggleikstilhøva krevjer det.

Parkeringsplass, Merinobakken (Foto: Hallvard Lyssand)
Parkeringsplassen over vegen frå Merinobygget vil bli stengt grunna sikringsarbeidet.
Rassikring, Breiviksveien (Foto: Hallvard Lyssand)
Fredag var mannskap frå Betongrenovering Drift AS i gang med skogrydding i skråninga over Breiviksveien ved Jæger Brygge.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive