Klart for ECT-konferansen
Onsdag 23. og torsdag 24. september går den internasjonale konferansen Energy-Climate-Technology (ECT) av stabelen i Grieghallen. For andre år på rad samlast ei rekkje framtredande ekspertar innan energi- og klimaforsking med mål om å presentera oppdatert kunnskap om viktige tekniske og politiske spørsmål knytt til klimautfordringane. In English
16.09.2009 - Hallvard Lyssand
Vil klimatingingane under København-toppmøtet i desember føra til løysingar alle kan akseptera? Korleis kan det i tilfelle skje? Er klimaendringar eit trugsmål mot økonomisk utvikling? Korleis kan den konflikten løysast?
Slike internasjonale spørsmål i kombinasjon med problemstillingar av meir lokal karakter vert tema under ECT-konferansen komande veke.
Konferansen vert arrangert av sentrale kompetansemiljø innan klima, energi og teknologi i Bergensregionen i samarbeid med Bergen Næringsråd og Bergenscenarier 2020.
NHH-professor Einar Hope er leiar for arrangementskomiteen og sit i programkomiteen. I sistnemnte utval har han blant andre selskap av NHH-kollega, professor Gunnar Eskeland.
Kunnskapsbasert
Målet med konferansen er å gje et kunnskapsbasert, multidisiplinært, langsiktig og internasjonalt perspektiv på saker og politiske løysingar i skjeringspunktet mellom energiressursbruk, klimaendringar og teknologisk utvikling, heiter det mellom anna på konferansen sine nettsider.
Tematisk spenner altså sesjonane frå diskusjon kring politiske og strategiske spørsmål i forkant av København-toppmøtet i desember til potensielle konfliktspørsmål i debattar om mat versus drivstoff og økonomisk utvikling kontra tiltak mot klimaendringar.
For avgjerdstakarar og ålmenta
- Konferansen presenterer oppdatert kunnskap som er relevant for dei som tek avgjerdene innan politikk, forvaltning, næringsliv og forsking. Men problemstillingane som vert tekne opp er så viktige at dei som er allment interessert i feltet bør ha stor nytte av å delta, seier Einar Hope.
- I det heile er desse problemstillingane blant dei viktigaste vi har å forholda oss til, og eg tykkjer det er rart at dei fekk så lite merksemd i samband med valet, legg han til.
Globalt og lokalt
Klimautfordringane er definitivt eit globalt problem, men ECT-konferansen har også plass til ei rekkje lokale og regionale perspektiv.
Blant anna vert det arrangert ein eigen sesjon der SNF-forskar Frode Skjeret presenterer ein rapport om kva økonomiske utfordringar klimaendringane vil medføra for Vestlandet.
Gunnar Eskeland skal dessutan halda fleire innlegg, blant anna eit med tittelen Elektrifisering av bilen: Hvorfor skal Vestlandsbyene være først i verden?
Hope fortel at NHH finansierer konferansedeltaking for 12 PhD-studentar. Samstundes vonar han fleire NHH-tilsette vil delta.
- Konferansen er tverrfagleg, men denne gangen er det fokus på økonomi, seier han.
Les meir om ECT og sjå fullt program på konferansen sine nettsider
|