Gleder seg over pristildeling
Nobelpristildelinga til NHH-æresdoktor Oliver E. Williamson og Elinor Ostrom blir godt motteke blant fagstaben ved NHH.
13.10.2009 - Asle Haukaas og Hallvard Lyssand
Måndag vart det klart at årets Nobelpris i økonomi er tildelt professorane Oliver E. Williamson frå Berkeley og Elinor Ostrom frå University of Indiana for deira analysar innan økonomisk organisering.
Professor Williamson vart utnemnt til æresdoktor ved NHH alt i samband med 50-årsjubileet i 1986, og kollegaer ved NHH er glade for Kungliga Vetenskapsakademiens val.
- Det er svært gledeleg at Oliver Williamson endeleg har fått prisen. Det er velfortent, konstaterer professor Sven Haugland ved Institutt for Strategi og ledelse.
Tverrfagleg relevans
- Forskinga til Williamson har relevans for samfunnsøkonomi, bedriftsøkonomi og juss. Blant økonomar fekk ideane hans først gjenklang innanfor marknadsføring og strategi, seier Haugland.
- Han er ein ven av NHH og har hatt stor innflytelse på forsking her gjennom å inspirera fleire doktorandar, legg han til.
Den ferske nobelprisvinnaren bidrog m.a. som gjesteførelesar i samband med ein workshop i regi av Haugland, Svein Ulset og Nicolai Foss i 2003.
- Williamson har gjeve viktige bidrag når det handlar om korleis økonomiske aktivitetar bør organiserast, det være seg internt i bedrifta, gjennom kontraktar eller samarbeid med andre, eller overlate til marknaden. Ronald H. Coase fekk nobelprisen i økonomi for ideen til dette perspektivet i 1991, mens det er Williamson som har bygd rammeverket rundt det, seier Haugland.
- Interessante, framoverretta bidrag
Professor Eirik Gaard Kristiansen ved Institutt for samfunnsøkonomi gleder seg også over årets nobeltildeling. Han understrekar at han har mest kjennskap til Oliver Williamson sitt arbeid, og er samstemt med Sven Haugland i høve innverknaden Berkeley-professoren sitt arbeid har fått.
- Årets vinnarar får prisen for arbeid innan økonomisk organisasjonsteori eller "Economic Governance." Dette feltet har vakse seg stort dei siste 20 åra, og Oliver Williamson sine forskingsbidrag er blitt stadig viktigare og fungert som grunnsteinar for veksten på området, seier Kristiansen.
- Williamson ser på tilhøvet mellom marknad og hierarkiske organisasjonar og undersøkjer kva organisering som sikrar best mogeleg ressursbruk. Gjennom samanliknande analysar ser ein kvar organisasjonar og bedrifter sluttar og kvar marknaden byrjar, og vidare kva aktivitetar som bør organiserast innanfor bedrifta og kva som bør plasserast utanfor, t.d. gjennom outsourcing, forklarar Kristiansen.
- Elinor Ostrom har undersøkt i kva grad ulike aktørar bidreg i forvaltning av fellesgode. Ho tek utgangspunkt i studiar av konkrete case i ei rekkje land, og har gjort ein del overraskande observasjonar. Til dømes syner det seg at mange aktørar bidreg meir enn ein skulle tru. Og dersom ein har ein fri og demokratisk organiseringsprosess blir bidraga større og reguleringa av ressursbruk ofte betre enn om aktørane blir pålagt ein styringsstruktur som er pålagt av staten eller private institusjonar, seier Kristiansen.
Kristiansen fastslår at prisvinnarane skil seg frå kvarandre når det gjeld forskingsfelt og metodisk tilnærming, men understrekar at ingen av dei er abstrakte teoretikarar. Der Ostrom arbeider induktivt med utganspunkt i case, arbeider Williamson deduktivt med utgangspunkt i teoriar som han prøver mot konkrete tilfelle.
- Felles for årets prismottakarar er at begge er representantar for eit raskt veksande vitskapleg felt, og at dei har kome med interessante forskingsbidrag som peiker framover, konkluderer Kristiansen.
|