Ny organisasjonssekretær i NHHS
Aina Bergås har eit knapt halvår bak seg i jobben som organisasjonssekretær for NHHS, og trivst med varierte oppgåver i mylderet av studentar.
06.11.2009 - Hallvard Lyssand
Aina Bergås tok over 50-prosent stillinga som organisasjonssekretær (org.sek.) for NHHS i august.
Formelt er org. sek. stillinga er tilknytt administrativ og teknisk driftsavdeling (ATD) ved NHH, men i og med at jobben primært handlar om å assistera studentforeininga og studentane, har Bergås naturleg nok basen sin blant studentane - nærare bestemt vegg i vegg med Kjernestyret sine lokale.
Variert
Arbeidsoppgåvene er mange.
- Som org.sek. er eg m.a. sekretær for så vel Kjernestyret, som studentforeininga generelt. Underutvala og interessegruppene i NHHS kan alle få assistanse gjennom organisasjonssekretæren, seier Bergås.
- I tillegg driv eg med alt frå postdistribusjon og booking av auditorium til administrering av nøkkelsystem. Det sistnemnde inneber temmeleg mykje arbeid, og særleg i starten av semesteret, då det er mange som treng tilgang til diverse rom. Vidare bidrar eg med å skaffa attestar til studentar som har hatt verv i NHHS og assisterer kjernestyret på ulike måtar - særleg med økonomi, held ho fram.
- Eg tek meg også av resepsjonen, og studentane kjem og spør om mykje forskjellig. Me har dessutan tapt/funne-funksjon, og då er det særleg travelt etter helgar der det har skjedd mykje på huset, ler Bergås.
Triveleg mylder
Ho trivst svært godt i jobben.
- Arbeidsoppgåvene er varierte, noko som er kjekt. Tidvis er det dessutan eit mylder her, og det likar eg også, seier ho.
- Kjernestyret har vore fantastisk behjelpelege og imøtekomande, og dei er kjempeflinke, legg ho til.
Bergås har sjølv variert bakgrunn. Ho har m.a. arbeidd innan reiseliv, merkantilt i det private næringsliv og ho har drive gard. I tillegg til den halve stillinga på NHH driv ho ein heilårs campingplass heime på Bergås i Lindås.
- Kvifor ville du til NHH?
- Eg har "snust" litt på NHH som student sjølv, og å få arbeida med studentane her verka veldig interessant. At det er ei 50-prosentstilling passar bra i høve til familiesituasjonen, seier Bergås.
NHHS blir ny på nett
Med halv stilling vert likevel opningstidene på org. sek.-kontoret avgrensa.
- Men NHHS er i innspurten i arbeidet med nye og meir brukarvenlege nettsider, og der vil også org. sek. bli meir synleg og kunna informera betre også utanom opningstidene, seier Bergås.
- Den nye sida skal etter planen takast i bruk ein gong på nyåret, og eg trur ho vil bidra til å styrka både kjernestyret og organisasjonssekretæren sitt arbeid og gjera det meir synleg og tilgjengeleg, sluttar ho.
|