Seminar om mikrofinans
Fredag 19. juni vert det arrangert eit seminar om mikrofinans ved NHH. Føredragshaldarane er Yale-professor Dean Karlan, NMI-leiar Richard Weingarten og NHH-professorane Kjetil Bjorvatn og Sven Haugland. In English
17.06.2009 - Hallvard Lyssand
Halvdagsseminaret komande fredag skjer i regi av dei ansvarlege for forskingsprosjektet om kurs for mikrokredittklientar som føregår i Tanzania. Les meir på Paraplyen
Blant arrangørane er professor Kjetil Bjorvatn ved Institutt for samfunnsøkonomi.
- Bakgrunnen for seminaret er at professor Dean Karlan frå Yale University, som er ein av verdas fremste ekspertar på mikrofinans, vitjar Bergen i samband med vegleiing.
- Samstundes hadde vi planar om å møta Richard Weingarten, som er leiar av det relativt nyoppretta offentleg-private samarbeidsprosjektet Norwegian Microfinance Initiativ (NMI), og dette er eit godt høve til å samlast i Bergen og ha eit litt større seminar, seier Bjorvatn.
- Vi veit at det er stor interesse og engasjement kring dette temaet og utviklingsspørsmål generelt både blant forskarar og studentar på NHH og i næringslivet lokalt, legg han til.
I tillegg til dei tilreisande føredragshaldarane bidreg professor Sven Haugland frå Institutt for strategi og ledelse og Kjetil Bjorvatn sjølv med innlegg.
- Det er stor breidde i forskinga på mikrofinans ved NHH, og det ønskjer vi å synleggjera, seier Bjorvatn, og legg til at seminaret er ope og at alle interesserte er velkomne.
Halvdagsseminar om mikrofinans
Dato: Fredag 19. juni
Tid: 12.15-15.30
Stad: Auditorium E
|