Ny pris til Erik Sørensen

Erik Ø.Sørensen

Førsteamanuensis Erik Ø. Sørensen er tildelt Akademikerne og DnB NOR-konsernets pris for lovande unge forskarar.

17.02.2009 - Hallvard Lyssand


Forskinga til Erik Ø. Sørensen blir bokstaveleg tala sett pris på. Tidleg i januar kunne han ta imot Norges Banks pris på 50.000 kroner for beste doktorgradsarbeid innan makroøkonomi. Les sak på Paraplyen.

Sist veke fekk han og to andre vinnarar overrekt Akademikernes og DnB NOR-konsernets pris for lovande unge forskarar. Også her er prispengane kr 50.000. Tildelinga fann stad i samband med Akademikerne sin årlege inntektspolitiske konferanse i Oslo 11. februar.

Sørensen mottok pris i kategorien "Kunnskapssamfunnet og arbeidslivet". Dei andre vinnarane er Lege Hans Magne Gravseth som fekk prisen i kategorien "Sammenhengen helse og arbeidsliv" og arkitekt Annemie Wyckmans, som fikk prisen i kategorien "Bærekraft og nyskaping".

Sykling eller gymnas-tysk?

Erik Sørensen byrja i ei stilling som førsteamanuensis ved Institutt for samfunnsøkonomi i byrjinga av februar i år. Det er kollegaer ved instituttet som innstilte Sørensen sitt arbeid til Akademikerne-prisen.

Sørensen avla doktorgraden ved NHH i 2006 med avhandlingen Essays on the production of human capital. Det aktuelle arbeidet er ei vidareføring av eitt av dei tre essaya i doktoravhandlinga - "Sectoral choice with human capital and accumulation of pension benefits" - eit arbeid som grovt sagt dreier seg om tilhøve knytt til utdanning, yrkesval i privat eller offentleg sektor, pensjonstilhøve og livslaupsinntekt.

Sørensen sjølv populariserer problematikken ved å ta utgangspunkt i nokre relativt velkjente læringsmessige bøygar:

- Er kunnskap ein tileignar seg gjennom formell utdanning mest som å læra å sykla - når det først er lært så sit det? Eller er det meir som å læra tysk på gymnaset - om ein ikkje praktiserer så forsvinn mykje av kunnskapen? Om det siste er tilfellet kan avbrot tidleg i yrkeskarrieren potensielt vera kostbart på lang sikt, seier han, og trekkjer fram fødselspermisjon som eit døme på faktorar som kan gje utslag.

Frå Akademikerne vert det opplyst at juryen valde å prisløna Sørensen av di han gjev ei særdeles god skildring av ei politisk svært interessant og relevant problemstilling. Samstundes vog tilrådingsbrevet frå professor Kjell G. Salvanes tungt.



Erik Ø. Sørensen

Humankapital og lånekapital

Sørensen returnerte nyleg frå eit postdok-opphald ved Det frie universitetet i Amsterdam og byrja som førsteamanuensis ved Institutt for samfunnsøkonomi.

Her underviser han i samfunnsøkonomisk analyse på masternivå og vitskapsteori på PhD-nivå, og held fram med arbeidet kring ulike aspekt av humankapital i samarbeid nemnde professor Kjell G. Salvanes.

Blant andre forskingsmessige interessefelt er ulike syn på rettferd. Her samarbeider Sørensen m.a. med professorane Bertil Tungodden og Alexander W. Cappelen, og førsteamanuensis Ingvild Almås. Saman med sistnemnde har han også eit prosjekt om inntektsmåling.

Og apropos såvel rettferdssyn, som inntektsmåling og ulike typar kapital: Alle som har handla husvære i Bergen har truleg klare oppfatningar om kor rettferdig den marknaden kjennest.

Då han vann Norges Banks pris tidlegare i år kunne den ferske huseigaren Sørensen slå fast overfor Paraplyen at prispengane kom godt med. Med ny pris på peishylla er det på tide med oppfølging av temaet. Men sjølv med dobla innskot på priskontoen må Sørensen fastslå at utslaga på lånesaldoen er heller små.

- Eg har framleis positivt lån, konkluderer han.



Erik Ø.Sørensen
Førsteamanuensis Erik. Ø Sørensen har så langt i år vunne to prisar for forskinga si.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive