Torsten Persson held Sandmo Lecture
Professor Torsten Persson frå Stockholms Universitet er invitert til å halda neste års Sandmo Lecture ved NHH. Professor Mari Rege fra Universitetet i Stavanger er tildelt Sandmo Junior Visiting Fellowship. In English
27.08.2009 - Hallvard Lyssand
Professor emeritus Agnar Sandmo.
NHH oppretta The Sandmo Lecture on Public Policy til ære for professor emeritus Agnar Sandmo i samband med Sandmo sin 70-årsdag i 2008. Sandmo er rekna blant Noregs fremste økonomar og har gjeve viktige forskingsbidrag på ei rekkje felt.
Kvart år i januar vert ein internasjonal toppøkonom invitert til NHH for å halda Sandmo-førelesinga.
Princeton-professor Avinash K. Dixit fekk æra av å vera første gjesteførelesar i 2008, medan professor Hans-Werner Sinn frå Ludwig-Maximilians-universitet i München heldt årets føredrag.
Svensk gjest
Neste års Sandmo-lecturer er professor og leiar for Institute for International Economic Studies (IIES) ved Stockholms Universitet, Torsten Persson.
55 år gamle Persson er også Centennial Professor ved London School of Economics og har hatt gjestestillingar ved institusjonar som Harvard, Princeton og Berkeley.
Den prisløna svenske økonomen har vore president i både European Economic Association og The Econometric Society, er medlem av fleire vitskapsakademi og sit i komiteen for Nobelprisen i økonomi.
Dei forskingsmessige hovudinteressene til Persson er politisk økonomi, makroøkonomi, internasjonal økonomi og offentleg økonomi.
Norsk gjest
Samstundes med etableringa av Sandmo-førelesinga vart det oppretta eit gjestestipend for spesielt lovande forskarar under 40 år - The Sandmo Junior Visiting Fellowship in Public Policy.
Stipendmottakaren vert invitert til eit månadlangt opphald ved Institutt for samfunnsøkonomi i samband med Sandmo-førelesinga.
Årets stipendmottakar er økonomiprofessor Mari Rege (f. 1974) frå Universitet i Stavanger.
Rege tok doktorgrad ved Universitet i Oslo i 2002 og arbeidde m.a. ved Case Western University og ved Statistisk sentralbyrå før ho vart tilsett ved UiS i 2006. Då Rege vart utnemnd til professor i februar 2009 vart ho landets yngste økonomiprofessor.
The Agnar Sandmo Lecture on Public Policy Professor Torsten Persson The Institute for International Economic Studies, Stockholms Universitet
Dato: 11. januar 2010
Tid: 12.15
Sted: Agnar Sandmos Auditorium
|