Matnyttig informasjonsutveksling
Tysdag morgon stilte bondelagsrepresentantar opp utanfor NHH for å informera om sine syn i forkant av jordbruksoppgjeret. Takk vere professor Rolf Jens Brunstad fekk bøndene som vitja høgskulen også informasjon i retur.
22.04.2009 - Hallvard Lyssand
Jordbruksoppgjeret 2009 nærmar seg, og tidleg tysdag morgon var representantar frå om lag 200 lokallag av Norges bondelag på beina for å gjera kjent sine argument framfor oppgjeret.
Blant stadane som vart vitja var NHH.
Bondelaget hadde produsert ein eigen publikasjon for høvet: MatNyttig, Bøndenes finansavis var trykt i 65 000 eksemplar. Her vart det m.a. hevda at det er eit massivt folkekrav at det må satsast på matproduksjon.
Vidare nytta utgjevarane m.a. høve til å fillerista Finansavisen-redaktør Trygve Hegnar for hans utspel i jordbruksdebatten, og å slå fast at tilliten til bønder er høg, medan finansfolket må finna seg i å utgjera botn av nordmenn sin tillitsskala.
Bondelagsrepresentant Jostein Ljones og professor Rolf Jens Brunstad brukte litt av morgenkvisten tysdag til å debattera jordbrukspolitikk.
Foto: Tor Henrik Øye/Hordaland Bondelag
- Sats på sau
Trass i at bondeaksjonistane sukra pilla med utdeling av yoghurt, vart nok ikkje bodskapen deira slukt rått av alle forbipasserande.
Professor Rolf Jens Brunstad frå Institutt for samfunnsøkonomi var t.d. meir enn klar til å debattera landbrukspolitikk.
- Det må satsast på sau på Vestlandet. Og så vil eg ha arealstøtte, husdyrstøtte og årsverkstøtte, ikkje produksjonsavhengig støtte, var Brunstad sin umiddelbare kommentar ifølgje Hordaland Bondelag sine nettsider.
Brunstad hadde dessutan ein publikasjon å gje i retur. Han overrekte bondelagsrepresentant Jostein Ljones eit dokument med tittelen Kva skjer i landbrukspolitikken - og kva verknader har det? Kjem Hordalandslandbruket i klemme i den nasjonale landbrukspolitikken?
Artikkelen var opprinneleg eit innlegg på Hordalandskonferansen i 2007, og er seinare publisert i skriftserien Samfunnsøkonomisk debatt 03/07, som instituttet står bak.
Les artikkelen her
|