Utveksling i Europa for teknisk-administrativt personale
EU-programmet "Program for livslang læring" har frå og med i år introdusert høve til å søkje på Erasmusstipend for alle universitetstilsette som ønskjer å reise på utveksling til ein annan institusjon i Europa.
08.02.2008 - Redaksjonen
Det betyr at det ikkje lenger berre er studentar og undervisningspersonale som har høve til å få tildelt eit Erasmusstipend, men at også tilsette til dømes i studieadministrasjonen eller ved informasjonsavdelinga har høve til å få støtte til å reise ut.
NHH har i år fått tildelt stipend til fire utvekslingsopphald i 2008 og vi håper at dette er ei ordning som vil bli ettertrakta og populær blant dei tilsette. Opphaldet må vare frå fem arbeidsdagar til seks veker. Utvekslinga må finne stad og vere avslutta innan 30. september 2008. Satsane for stipendet er på € 800 per veke. Dersom satsane ikkje skulle dekkje opphaldet, kan ein imidlertid snakke med avdelingsleiar for å høyre om avdelinga sjølv kan dekke dei overskridande utgiftene.
Formålet med eit slikt utvekslingsopphald er først og fremst at det skal vere ei kjelde til læring, og dersom ein vil søkje om utveksling, må ein fylle ut ein arbeids- og opplæringsplan som inneheld informasjon om målsetjinga med opphaldet, program for opplæring og forventa resultat. Dei som vil reise står likevel relativt fritt innanfor desse rammene, og det er i stor grad opp til kvar enkelt å sette saman eit opplegg etter eigne ønskjer og behov.
Opphaldet bør finne stad ved ein av NHH sine samarbeidsinstitusjonar i Europa. Søkjarar må levere inn ein søknad med plan for opphaldet samt budsjett til Internasjonalt kontor. Det er ein fordel at den tilsette sjølv opprettar kontakt med den institusjonen ein ønskjer å utveksle til, men Internasjonalt kontor kan også hjelpe til med å formidle kontakt.
Det fins ingen søknadsfrist, men viss det skal vere mogleg å gjennomføre opphaldet innanfor den fastsette tidsramma oppfordrar vi alle til å søkje så snart som råd. Ta kontakt med Internasjonalt kontor viss du har spørsmål eller treng meir informasjon om dette programmet.
|