Ledig stilling som journalist
NHH søker etter journalist og redigerar til Informasjonsavdelinga. Søkarar må ville bidra aktivt til formidling av økonomisk forsking og til interninformasjon ved NHH.
16.08.2008 - Red.
NHH søker etter journalist og redigerar til Informasjonsavdelinga som kan jobbe tett og godt i lag med fagpersonar, studentar og andre i eit hektisk og engasjerande miljø. Søkarar må ville bidra aktivt til formidling av økonomisk forsking og til interninformasjon ved NHH.
Arbeidsoppgåver:
- Redaktøransvar for den interne nettavisa Paraplyen.
- Skrive gode forskingssaker spesielt for nhh.no og forskning.no
Ønska kvalifikasjonar:
- Gode journalistiske evner
- Erfaring med redigering
- Røynsle frå økonomi eller anna formidling
- Interesse for foto
- Godt humør, engasjement og samarbeidsevne
For søkarar er det naudsynt med høgare utdanning frå universitet eller høgskole (minimum bachelor). Søkarar må vere språkleg trygg i begge målføre og ha eit rimeleg nivå i engelsk eller andre framandspråk. Andre oppgåver ved Informasjonsavdelinga vil òg vere aktuelle.
Engasjementet er avgrensa til ca 1,5 år med rom for forlenging. Stillingsbrøken blir minimum 70%, men mest truleg ei heil stilling. Interesserte bør ta kontakt for nærare informasjon.
Stillinga vert løna etter statens regulativ som 1408 - førstekonsulent, lønnsramme 22, ltr. 37 - 47. Høgare løn kan bli vurdert dersom det melder seg særs kvalifiserte søkarar. Dersom det melder seg søkarar med omfattande røynsle og spesialkompetanse vil ein vurdere å tilsette i 1363 - seniorkonsulent, ltr. 46 - 54. Frå løna vil det bli trekt to prosent som innskot i Statens Pensjonskasse.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå balanse mellom kjønn og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
Formidling og informasjon er eit satsingsområde ved NHH og vi kan love utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit godt miljø. Kontakt informasjonssjef Asle.Haukaas@nhh.no for nærare informasjon om engasjementet.
Søk stillinga på www.nhh.no/omnhh innen 30.08.2008.
|