Evalueringsprisen til Universitetet i Oslo
Evalueringsprisen gjekk i år til Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Føremålet med prisen er å oppmode høgre utdanningsinstitusjonar til å satse på student- og lærarsamarbeid for å betre kvaliteten på undervisninga.
21.10.1999 - Elin F. Styve
Førsteprisen er på 250 000 kroner. Andreprisen er delt mellom lærarutdanninga ved Høgskolen i Sogn og Fjordane og lærarutdanninga ved Høgskolen i Nesna. Dei to andreprisvinnarane mottar 125 000 kvar.
Det var politisk rådgjevar Knut A. Hareide i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet som onsdag delte ut prisen ved eit arrangement i Grieghallen i regi av Program for læringsforsking ved Universitetet i Bergen.
- I dag er det redusert søking til høgre utdanning og ved enkelte fag er det fleire studieplassar enn søkjarar. I denne situasjonen er høg kvalitet på undervisninga viktig for å rekruttere studentar, sa Knut Arild Hareide.
- Det er då viktig for institusjonane å ha system som dokumenterer kvaliteten på undervisninga. Studentevaluering vil gje institusjonane viktig informasjon om kva som må gjerast for å betre studiet.
Juryens vurdering av vinnarframlegget:
Det medisinske fakultet, Universitetet i Oslo:
Evalueringsopplegget er integrert i hele studieorganiseringen og inngår som nødvendige delpremisser for kortsiktige og langsiktige justeringer og endringer av studietilbudet. Ansvaret er systematisk fordelt mellom studiedekan
(strategisk nivå), evalueringsutvalg (hele studiet/fagplaner) og semesterstyre (mindre justeringer).
Studentene er aktivt med både i planlegging, gjennomføring og oppfølging av evaluering.
|