Ledig stilling: Førsteamanuensis i engelsk språk
Ved Noregs Handelshøgskule er det ledig stilling som førsteamanuensis i moderne engelsk språk knytt til Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon. Forskinga er konsentrert om moderne fagspråkleg kommunikasjon i vid forstand - terminologi, omsettingsvitskap, interkulturell kommunikasjon og fagtekstlingvistikk.
21.12.2007 - Kristian T. Marthinsen
Instituttet femner om faga engelsk, fransk, japansk, spansk og tysk. Ved instituttet er det per i dag ein vitskapleg stab på 4 professorar, 7 førsteamanuensar, 2 amanuensar, 5 doktorgradsstipendiatar, i tillegg til ei undervisningsleiarstilling knytt til administrasjon og undervisning i samband med translatøreksamen.
Forskings- og undervisningsprofilen ved instituttet ber preg av NHH sine føremål og fagkrins.
Forskinga er konsentrert om moderne fagspråkleg kommunikasjon i vid forstand (terminologi, omsettingsvitskap, interkulturell kommunikasjon og fagtekstlingvistikk) innanfor NHH-relaterte område. Den som blir tilsett, skal hjelpa til å styrka forsking, undervisning og formidling i dei omtalte fagområda, og til å vidareutvikla det generelle fagmiljøet ved instituttet. Det er difor viktig at søkarane kan visa til forsking som er relevant for forskingsprofilen ved instituttet.
Ved engelskseksjonen er det i dei seinare åra blitt utvikla ein norsk/engelsk økonomisk-administrativ kunnskapsbase. Denne er tenkt nytta som ein ressurs for studentar og tilsette ved NHH med sikte på å ta vare på norsk fagspråk innanfor NHH sine fagområde. I tillegg held ein på med å utarbeida eit fleirspråkleg korpus av translatørtekstar. Det er spesielt viktig at den som blir tilsett, kan bidra til å vidareutvikla prosjekta nemnde ovanfor. Det vil bli lagt stor vekt på røynsle med eksternt finanserte prosjekt.
Sentralt i instituttet sine studieprogram står språk, med særleg vekt på økonomisk-administrativt fagspråk i vid forstand. Engelskseksjonen tilbyr undervisning primært på bachelornivå, men seksjonen deltar også på master- og doktorgradsnivå. Vidare har seksjonen undervisningsoppgåver knytte til eit felles bachelorprogram i språk og interkulturell kommunikasjon i samarbeid med Universitetet i Bergen. Den som blir tilsett, kan bli pålagt undervisnings- og rettleiingsoppgåver innanfor alle programma som instituttet deltar i.
Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon ved NHH har det administrative og faglege ansvaret for den nasjonale translatøreksamen. Den som blir tilsett, vil også kunna få oppgåver i samband med det tilbodet som ein ved engelskseksjonen har til translatørkandidatar. I lys av dette, og av omsyn til den spesielle kontrastive profilen i faget og stillingsinnehavaren sine administrative plikter, vil det bli lagt vekt på at den som blir tilsett, har så god kompetanse i norsk at desse aspekta ved stillinga kan takast vare på.
Det kan vera aktuelt med intervju og prøveførelesing eller seminar.
Den som blir tilsett, må retta seg etter dei føresegnene som til kvar ei tid gjeld for stillinga.
Nytilsette som ikkje kan dokumentera pedagogiske kvalifikasjonar, kan bli pålagt å gjennomføra eit kortare pedagogisk kurs.
Stillinga som førsteamanuensis (kode 1011) er lønna i lønnstrinn 57 (kr. 416 300,-) i statens lønnsregulativ. Høgare lønnstrinnsplassering vil kunna avtalast ut frå kvalifikasjonane til den enkelte søkaren i samsvar med dei lønnspolitiske retningslinene ved høgskulen. Høgaste lønnstrinn er 75 (kr. 583 200,-). Frå lønna blir det trekt 2% som innskot i Statens Pensjonskasse.
Det er krav om norsk doktorgrad eller tilsvarande kvalifikasjonar.
Søknad må innehalda opplysningar om fagleg og pedagogisk utdanning og praksis. Til søknaden kan søkarar legga ved inntil 10 vitskaplege arbeid. Fullstendig liste over alle vitskaplege og eventuelle andre faglege arbeid som kan ha noko å seia for vurderinga av søkarane sine kvalifikasjonar, må også leggast ved. Søknaden blir å senda til Noregs Handelshøgskule, personal- og organisasjonsavdelinga, Helleveien 30, 5045 Bergen. Søknadsfristen er 01.02.2008. Denne fristen gjeld også for innsending av skriftlege arbeid.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og personar med innvandrarbakgrunn blir oppfordra til å søkje.
Dersom søkjarane står tilnærma likt, vil kvinnelege søkjarar bli føretrekte.
Dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar, kan tilsettingsorganet mellombels tilsetta ein av søkarane for inntil tre år, dersom vedkommande etter tilsettingsorganet si vurdering har føresetnader for å skaffa seg dei nødvendige kvalifikasjonane i løpet av tilsettingsperioden.
For nærmare opplysningar om stillinga, kontakt styrar ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon, Sunniva Whittaker på tlf. 55959446.
|