Disputas: Corporate Finance

Aksel Mjøs disputerer for doktorgraden

Aksel Mjøs disputerer for doktorgraden ved NHH fredag 14. Dei siste åra har han studert rekneskapa til i alt 139 000 selskap for åra 1992-2005.

13.12.2007 - Kristian T. Marthinsen


Tema for prøveforelesinga: "Structural Debt Products: Beneficial Instruments or Financial Weapons of Mass Destruction"
Tid for prøveforelesinga: 10.15 - 11.00 i Karl Borchs Auditorium

Tittel på avhandlinga: "Corporate Finance: Capital Structure and Hybrid Capital"
Tid for disputas: 12.15 i Karl Borchs auditorium NHH

Hovedrettleiar: Professor B. Espen Eckbo, Dartmouth College og NHH

Prøveforelesinga og disputasen er open for alle interesserte tilhøyrarar. Avhandlinga er tilgjengeleg ved å kontakta presse@nhh.no

Stikkord:
Avhandlinga analyserar korleis verksemder vert finansierte og er samansett av to empiriske og tre teoretiske artiklar. Den første artikkelen er den første komplette gjennomgangen av norske selskap sine val av gjeldsgrad og med det kapitalstruktur.

I alt 139 000 selskap har vorte analyserte for åra 1992-2005. Arbeidet inneheld også ein analyse av kva som forklarar gjeldsgraden, samt korleis denne vert påverka av å inkludera kapitaliserte leigekostnader.
Den andre artikkelen, saman med Hans K. Hvide, professor ved University of Aberdeen, analyserer korleis eit utval av nystarta norske selskap er finansierte, og ser på samanhengar med stiftarane sine demografiske kjenneteikn og selskapa si vidare drift. Dei finn at selskapa faktisk nyttar ekstern eigenkapital i vesentleg omfang, men finn ingen samanheng mellom bruk av slik kapital og seinare lønsemd.

Hovudkonklusjonen er at ekstern eigenkapital er viktig tilleggskapital for dei minste selskapa. Professor Svein-Arne Persson og Mjøs utviklar i dei tre teoretiske artiklane nye og analytisk relevante verdsettingsmodellar for hybridkapital (kalla fondsobligasjonar i Noreg) og syner korleis desse påverkar utstedaren sitt konkursnivå. Modellane nyttar kjente opsjonsmodellar i ein ny samanheng som gjev grunnlag for auka forståing av risiko og samanhengar. Dette inngår ofte som ein del av risikokapitalen til bankar og forsikringsselskap.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive