NHH søker råd frå internasjonal ekspertise

Jorma Ollila og Stine Bosse

Noregs Handelshøgskole (NHH) har som mål å bli blant Europas leiande handelshøgskular innan ti år. Næringslivsleiarane Jorma Ollila, Stine Bosse, Idar Kreutzer og Erik Mamelund er blant dei ti toppfolka som no skal gje høgskulen råd i arbeidet med å nå det ambisiøse målet.

07.12.2012 - Red.


NHH sitt nye Advisory Board er samansett av utvalte representantar frå norsk og internasjonalt næringsliv og akademia og byggjer på ein tilsvarande modell frå utanlandske handelshøgskular. Dette er NHH sitt svar på Kunnskapsdepartementet sitt initiativ om å opprette Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) ved norske universiteter og høgskular.

Medlemmane skal bidra med eksterne perspektiv på høgskulen sine utdannings-, forskings- og formidlingsaktivitetar og gje råd i samband med strategiarbeid og andre utviklingsprosessar, for å sikra at desse aktivitetane held eit høgt internasjonalt nivå.

Rådet vert oppnemnt for fire år av gongen og skal ha inntil ti medlemmar frå leiarsjiktet i internasjonal akademia, og norsk og internasjonalt næringsliv, samt to studentrepresentanter. Planen er å møtast ein til to gongar i året, med første møte tidleg i 2013.

- Vi er svært nøgde med samansetjinga av rådet og er takksame for at medlemmane ønskjer å bidra til utviklinga av NHH. Dei har alle brei røynsle og mykje kunnskap om internasjonalt nærings- og samfunnsliv, og vi er visse på at dei vil gje viktige innspel til vår strategiske utvikling, seier rektor Jan I. Haaland.

Han påpeikar samstundes at dei norske rådsmedlemmane sikrar spesialkompetanse om norske tilhøve og om rammevilkåra for internasjonalt retta verksemd i Noreg.

Råd for samarbeid med arbeidslivet er samansett på følgjande vis:

Representantar frå internasjonalt næringsliv:

• Stine Bosse, Styreleiar og -medlem i ei rekkje internasjonale selskap
• Richard Milne, Nordic and Baltic Correspondent, Financial Times
• Jorma Ollila, Styreleiar Royal Dutch Shell Plc.

Representantar frå internasjonal akademia:

Jean-Paul Larçon, professor, HEC Paris og æresdoktor ved NHH
Kulwant Singh, professor, National University Singapore

Representantar frå norsk næringsliv:

• Cecilie Blydt Heuch, Chief HR Officer, Det norske Veritas
• Idar Kreutzer, Administrerande direktør, Finansnæringens Fellesorganisasjon
• Erik Mamelund, Administrerande direktør, Ernst & Young Noreg og Norden
• Siren Sundland, Direktør for Kommunikasjon og samfunnsansvar, Sparebanken Vest
• Gunvor Ulstein, Konsernsjef, Ulstein Group

I tillegg kjem to studentrepresentantar utnemnd av studentforeininga på NHH. Rektor og administrerande direktør representerer NHH i rådet.

Kontaktinformasjon:
Rektor Jan I. Haaland, tlf. 55 95 92 17/957 96 865


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive