Nettside om opphavsrett i undervisinga
Biblioteket har oppretta ei nettside til hjelp for førelesarar som har spørsmål om bruk av opphavsrettsbeskytta materiale i samband med undervisinga.
09.02.2015 - Red.
Kva materiale er det eigentleg lov å nytta når ein set saman ein Power Point-presentasjon til ei førelesing eller gjer undervisingsmateriale tilgjengeleg via its learning?
Spørsmål om opphavsrett vert berre meir aktuelle etter kvart som ulike typar materiale har blitt lett tilgjengeleg via nett.
Biblioteket ved NHH har no oppretta ei nettside der finst informasjon om kva som er lov og kva som ikkje er lov ved bruk av bilete, musikk, film og tekst - med særleg fokus på undervisingsbruk.
Nettsida har også lenker til lovgjeving og lisensiering, og til materiale som ikkje er beskytta av opphavsrett og som dermed kan brukast fritt utan å ha ein avtale med noen opphavsperson først.
- Vi i biblioteket kan sjølvsagt ikkje alt om dette, men vi kan i alle fall ta på oss å sjekka viss vi får spørsmål som er av det vanskelige slaget, seier Fredrik Kavli.
Kavli og bibliotekkollega Morten Skaar er ansvarlege for nettsida.
Gå til nettsida om opphavsrett i undervisinga
Spørsmål om opphavsrett kan stillast via e-postadressa opphavsrett@nhh.no
|