Vellukka pedagogisk oppgradering av engelsk valfag

I bytte mot eksamen er det no 75% oppmøteplikt og mappe-evaluering i det nye studieopplegget på engelsk valfag, fortel professor Trine Dahl ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon.

29.09.2015 - Tekst og foto: Astri Kamsvåg


Heile 170 studentar tar første modul i valfaget no i haust. Dette er mange fleire enn dei vitskapeleg tilsette ved engelskseksjonen hadde forventa.

- Responsen på det nye pedagogiske opplegget har vore overveldande, oppsummerer ho. I midtvegsevalueringa som nettopp er gjennomført, er studentane svært positive, og éin melder at vedkommande "gler meg til å delta på timane i dette kurset".

- Den store skilnaden mellom det nye og det gamle undervisningsopplegget er at vi no fokuserer mykje meir på studentaktivitet i timane og på kva studentane faktisk lærer, fortel Trine Dahl.

Inspirert av Pedagogisk uke

Studiekvalitet er eit av dei strategiske satsingsområda til høgskulen. I tillegg har NHH fokus på pedagogisk utviklingsarbeid og oppfordrar dei tilsette til å ta i bruk nye undervisningsformer og
-teknologi.

Trine Dahl er ærleg på at ho og kollegane likte dårleg at det tidlegare var så mange studentar som ikkje møtte til undervisninga. Studentane syntest òg engelsk valfag var tungt.

- Slik ville vi ikkje ha det lenger, og saman bestemte vi oss for å lage eit nytt undervisningsopplegg, seier ho. - Vi starta arbeidet allereie i 2014, og Pedagogisk uke i fjor haust var ei viktig inspirasjonskjelde, legg ho til.

- I det nye opplegget heng undervisninga og dei obligatoriske oppgåvene som studentane må bestå, betre saman med læringsutbyttet formulert i studieplanen, utdjupar førsteamanuensis Marita Kristiansen.

- Ved at studentane har både skriftlege og munnlege oppgåver undervegs i løpet av faget, får vi betre oversikt over kva kunnskap dei faktisk tileignar seg undervegs. Sidan vi no har kutta ut skriftleg og munnleg eksamen og gått over til mappeevaluering, gir evalueringsmetoden ei betre testing av det læringsutbyttet faget er meint å ha. Dette håper vi også skal virke meir motiverande for studentane sitt arbeid med faget. Vi har òg gjort grammatikkoppgåvene elektronisk tilgjengeleg som testar i It's learning, og dette liker studentane godt, seier Marita Kristiansen.

Det overordna målet for valfaget i engelsk er å ruste NHH-studentane til dagens internasjonale arbeidsliv. Difor er dei to modulane som valfaget består av retta mot næringslivsengelsk for siviløkonomar. Studentane skal mellom anna kunne økonomisk-administrative og juridiske faguttrykk, og ha god kompetanse i å gi målretta presentasjonar og delta i møte på engelsk.

Samansveisande
- Omlegginga har vore eit løft for oss tilsette på engelskseksjonen. Arbeidet har vore intensivt og krevjande, og det har sveisa oss saman som kollegar. Prosjektet har rett og slett gitt oss ein ny giv, seier professor Gisle Andersen.

Trine Dahl og Gisle Andersen

Læringsutbytte for første modul

English for Business I gir deg eit godt grunnlag for å kommunisere effektivt i profesjonelle samanhengar der engelsk er fellesspråket. Kurset er nært knytt til fagkunnskap i andre kurs på bachelorstudiet og er skreddarsydd studentar som ønsker kompetanse i å kommunisere slik kunnskap på engelsk.

Ved fullført kurs skal studentane:

- kunne forstå og bruke grunnleggande økonomisk-administrativ og juridisk terminologi og fraseologi som er relevant for norske verksemders kommunikasjonsbehov på engelsk, både internt og eksternt

- kunne bruke det engelske språksystemet til å produsere korte skriftlege dokument som er vanlege i næringsliv og offentlege verksemder

- ha kunnskap om grunnleggande emne innan handel og næringsliv

- ha basiskunnskap om økonomiske, politiske og kulturelle forhold i Storbritannia og USA som er viktig for handel og næringsliv

- kunne gi korte presentasjonar basert på økonomisk-administrative emne

- kunne handtere engelskspråkleg møteverksemd på ein hensiktsmessig måte

Vurderingsform

Mappe med
- fire skriftlege oppgåver (notat, epostkommunikasjon, individuell rapport og grupperapport)
- to munnlege oppgåver (filma individuell presentasjon, filma møtediskusjon)

Fakta om valfaget Business English

- er bygd opp av to modular som kvar gir 7,5 studiepoeng
- har 2 x 2 timar undervisning i 10 veker
- er det einaste faget på siviløkonomstudiet utan eksamen

Les meir om engelsk valfag i studiehandboka

Dei andre språkvalfaga ved NHH er fransk, spansk, tysk og japansk.

Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon tilbyr òg norsk for innkommande utanlandsstudentar.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive