Thorolf Rafto Challenge

Slaveforskar Kevin Bales og fagsjef for etisk handel i Norgesgruppen-selskapet Unil, Bjart Pedersen, kjem til Thorolf Rafto Challenge på NHH fredag 11. september.

04.09.2015 - Øyvind Torvund


Thorolf Rafto Challenge er eit nytt årleg arrangement som NHH arrangerer i samarbeid med Raftostiftinga. Her blir selskap utfordra til å dele informasjon om alvorlege menneskeretts-dilemma som dei står overfor.

I år kjem daglegvarekonsernet Norgesgruppen for å dele erfaringar frå sitt arbeid med menneskerettar i leverandørkjeda, med spesiell vekt på problem med moderne slaveri.

Kevin Bales er ein av verdas fremste ekspertar på moderne slaveri. Han er professor ved University of Hull og jobbar som konsulent for FNs globale initiativ til bekjempelse av menneskehandel. Han har også vore rådgjevar for regjeringane i USA, Storbritannia, Irland, Norge og Nepal i desse spørsmåla.

Thorolf Rafto Challenge er ei førelesing som blir halde til minne om menneskerettsforkjemparen og NHH-professoren Thorolf Rafto. Målet er å skape openheit rundt etiske utfordringar i næringslivet og forsøka på å takle dei.

Fakta om arrangementet:

Dag: Fredag 11. September

Tid: 12.15-14.00

Stad: Aulaen, NHH


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive