California-senatorar fekk klimaførelesing

Ein delegasjon frå senatet i California besøkte torsdag NHH for å få innsikt i forsking på energi- og miljøspørsmål.

24.09.2015 - Tekst: Øyvind Torvund. Foto: Hallvard Lyssand


- California er ein veldig interessant aktør på miljøfeltet, med både store utfordringar og politisk vilje og gjennomføringskraft. Mellom anna har styresmaktene i California kjempa gjennom strengare miljøkrav til bilar enn dei har i resten av USA. Det er imponerande sidan føderasjonen, Høgsterett og bilindustrien måtte tvingast i kne, seier professor Gunnar S. Eskeland.

- Nyttig møte

Saman med forskarkollegaene Linda Nøstbakken, Eirik Gaard Kristiansen og Torfinn Harding heldt han eit times føredrag for senatorane og følgjet deira.

- Det er sjølvsagt veldig nyttig for oss som jobbar med spørsmål rundt energi, naturressursar og miljø å få ta del i ein slik diskusjon. Forhåpentlegvis får også senatorane godt utbytte av dette, for vi har flinke folk som har både praktisk og teoretisk erfaring, seier Eskeland.

Det var senatorane Fran Pavley, Hannah-Beth Jackson, Carol Liu som var med på møtet. Til stades var også direktør ved Senatets kontor for internasjonale relasjonar, Ezilda Samoville, Jeremy Haleva i Sergeant Major Associations og partnar George R. Steffes i Capitol Partners.

El-bilar og skipsfart

Spørsmål rundt transport og bilbruk var noko av det Eskeland var innom i sin presentasjon.

- Dei er nok veldig interessert i kvifor vi har så mange el-bilar her til lands. Men det dei må vere klar over er at den norske staten har brukt harde verkemiddel for å nå dette, sterkare enn vi som miljøøkonomar kan anbefale.

Dei var også innom skipsfarten på møtet.

- Vi har sett før at USA og Europa kan leie i miljøforbetringar i skipsfarten, og i dette arbeidet trur vi ved NHH at Noreg kan bidra, seier Eskeland.

- Felles utfordringar

Senator Fran Pavley seier politikarane i California kan ta lærdom av det Noreg har gjort på miljøfeltet.

- Norge er langt framme på miljøvern. Vi synst det er interessant å høyre om den jobben som er gjort her til lands. På ein del områder har vi felles utfordringar og det er nyttig å høyre korleis de jobbar her, seier Pavley.

Professor Gunnar Eskeland innleia for senatorane
Førsteamanuensis Torfinn Harding gjer seg klar for sin presentasjon.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive