Varslarekspert til NHH

Birthe Eriksen er tilsett som universitetslektor ved institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap.

09.07.2015 - Øyvind Torvund


Eriksen har nyleg levert doktorgraden ved juridisk fakultet på Universitetet i Bergen, men ho har enno ikkje fått dato for disputasen. Før doktorgraden jobba ho som advokat i fleire år.

Eriksen forskar på eigarstyring og selskapsleiing.

- Noko av det eg har jobba mykje med er tema som varsling og korrupsjon. Doktorgradsavhandlinga mi tek føre seg arbeidstakars rett til å varsle om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen, seier Eriksen.

På NHH skal ho også undervise i selskapsrett og arbeidsrett.

- Eg synst det er spennande å jobbe på NHH fordi det er ein plass der fleire fagdisiplinar møtest. Det gir vidare perspektiv på fenomena vi forskar på, seier Eriksen.

Ho har mellom anna blitt brukt aktivt av media som ekspertkjelde i sakene om Monika-varslaren Robin Schaefer. Her kan du lese ein BT-kronikk ho skreiv om saka.

Nyleg kommenterte ho også korrupsjonsdommen mot dei tidlegare Yara-toppane.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive