Sjølvstende for Catalonia!?

Førsteamanuensis Johannes Nymark stiller spørsmålet i den nye boka si som han lanserer på Litteraturhuset i Bergen 22. september.

02.09.2015 - Red.


- Situasjonen er veldig tilspissa no, seier Johannes Nymark, førsteamanuensis i spansk språk, og utdjupar: - 27. september er det regionalvalg i Spania. Dei partia som ifølgje meiningsmålingane ligg an til å få fleirtal i Catalunia, er for sjølvstende for regionen. Boka er høgaktuell om katalansk politikk.

Med avslørande detaljar frå den nyare og høgaktuelle historia gir Johannes Nymark eit europeisk bakteppe for å gripa den særeigne språklege, kulturelle, økonomiske og industrielle utviklinga som ligg bak den katalanske sjølvstendekampen.

Ny ideologi, nye impulsar i kunst, arkitektur og litteratur har i regelen kome til Spania via Catalonia og spesielt hamnebyen Barcelona, og i fleire hundreår har det eksistert ein påfallande skilnad mellom det konservativt sentralistiske Madrid og det kulturelt og samfunnspolitisk langt meir liberale nordaustre hjørnet av den iberiske halvøya. Motsetninga har prega kultur og framom alt språk, men også handel, industri og anna næringsliv. Og Nymark viser også korleis også fotballklubben Barcelona har spelt ei rolle som aktør og symbol i denne sjølvstenderørsla.

Tid og stad

Tid: 22. september kl. 19
Stad: Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5-7, Bergen sentrum
Arrangementet er gratis.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive