NHH-forskarar skriv for BT Innsikt

Seks vitskapeleg tilsette ved NHH er invitert til å skrive innlegg for forskarbloggen til Bergens Tidende. Førstemann ut er stipendiat Ingar Kyrkjebø Haaland.

25.08.2015 - Astri Kamsvåg


Ingar Kyrkjebø Haaland er knytt til Institutt for samfunnsøkonomi og The Choice Lab og publiserte innlegget "Hvordan psykologi fikk innpass i økonomifaget" mandag 24. august.

Seks NHH-forskarar

Dei andre NHH-forskarane som er med er:

- Kjell Gunnar Salvanes (professor) og Aline Bütikofer (postdoktor)
- Lars Jacob Tynes Pedersen (førsteamanuensis) og Sveinung Jørgensen (førsteamanuensis i II-stilling ved NHH). Skal blogge saman under namnet Jørgensen & Pedersen.
- Arnt Ove Hopland (postdoktor)
- Monica Rydland (stipendiat)

BT satsar på forskingsformidling

BT Innsikt er ein blogg der forskarar sjølv publiserer artiklar om eiga forsking og aktuelle tema. Bergens Tidende lanserte innsiktsbloggen hausten 2014 i samband med den digitale satsinga på forskingsformidling. Forskarane skriv om forskingsresultat, konferansar, bøker, debattar og andre problemstillingar. Målet er å skape ein portal for formidling av forskingsstoff og auke kunnskapsnivået og kjennskapen til forsking ved å bringe forskarar og publikum tettare saman. Nettstaden er reklamefri og ligg opent tilgjengeleg for alle.

Les innlegget


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive