Nye PhD-studentar

I haust har 17 nye PhD-studentar starta på doktorgradsstudium ved NHH.

29.09.2011 - Asle haukaas


-Dei nye PhD-studentane er sterke fagleg, og passar godt med den faglege profilen til høgskolen. Fleire av dei vil òg bli knytt tett til høgskolen sine satsingsprogram for forsking som Senter for tenesteinnovasjon, seier den nye dekanen for doktorgradsutdanning, professor Helge Thorbjørnsen.

Innimellom alle jubileumsførebuingane i august vart det tid til eit fellesseminar og mottaking på Stupet for dei nye studentane. Dekanen fortel at dei då fekk ein god kombinasjon av fin utsikt frå styrerommet i 9. etasje og fin innsikt i doktorgradsprogrammet til høgskolen. Stipendiat Aleksander Sandvik frå institutt for strategi og leiing fortalde om livet som PHD-student på NHH, medan professor Trine Dahl frå institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon orienterte om kurset dei gir i akademisk skrivekunst. Sjølv la dekanen ut om sjølve studiet, tilveret som stipendiat og kva feller ein ikkje bør falle i som PhD-student. Biblioteket orienterte om kva tenester dei tilbyr.

- Føremålt var å gje studentane eit godt førsteinntrykk av NHH og ein god start der dei møter andre i same situasjon og får viktige orienteringar, fortel dekanen som legg til at for første gong på NHH blei to PhD-studentar tatt opp til institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon. Tidlegare blei doktorgradsstudentane ved dette instituttet utdanna formelt ved UiB.

Dei nye doktorgradsstudentane er ein solid tilvekst til NHH etter vurdering av 250 søkarar. Dei som er med på bilete representerer så ulike nasjonalitetar som Tyskland, Ungarn, Norge, Sør-Afrika, Russland, Island, Iran, Kina, Frankrike og Nepal.

På bilete er dekan Helge Thorbjørnsen lengst til venstre. Hanqing Wang, Sahar Babri og Chunbo Liu er frå institutt for føretaksøkonomi medan Marte Reenskaug Fjørtoft og Annelise Ly er frå fagspråk og interkulturell kommunikasjon. Vidare er Cardamine Carmen Olsen, Galina Goncharenko og Han Wu nye ved rekneskap, revisjon og rettvitskap. Samfunnsøkonomi har den største gruppa med Steinar Björnsson, Kristina Bott, Sebastian Fest, Agnes Kovacs og Grant Robert McDermott. Frå SOL deltok Ganesh Prasad Neupane medan Mads Nordmo,Synnøve Nesse og Mohammad Touhid Hossain ikkje var tilstade då bilete blei tatt. Foto: Asle Haukaas

Foto: Asle Haukaas


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive