Styreseminar ved HEC Paris

HEC Paris (Arkivfoto)

Måndag 28. og tysdag 29. mars er NHH-styret samla til strategiseminar og styremøte i Paris.

23.03.2011 - Hallvard Lyssand


NHH-styrets årlige strategiseminar vert i år halde ved ein av Europas aller fremste handelshøgskular, HEC Paris.

I tillegg til eigne strategidiskusjonar vil NHH-representantane få presentasjonar av ulike sider av aktiviteten ved den franske toppinstitusjonen.

Det skal også haldast eit ordinært styremøte under opphaldet.

På sakslista står m.a. oppnemning av fagkomité for FIBE-konferansane 2012-2014 og oppretting av Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) - det sistnemnte basert på ei oppmoding til institusjonane frå Kunnskapsdepartementet.

Det vert også lagt fram ei sak om forlenging av perioden for gjeldande Handlingsplan for likestilling inntil ein ny handlingsplan ligg føre seinare i år.

Vidare skal styret ta for seg ei sak om resultatmål for eigarskap i selskap og diskutera endring av NHH sitt engelske namn.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive