NHH-studentar vann casekonkurranse

Oppdraget, NHH-lag: Henrik Tøstie, Martin Schütt, Lars Kvale og Philip Hafsteen (Foto: Lasse Lerdahl)

Eit lag frå NHH gjekk nyleg sigrande ut av casekonkurransen "Oppdraget."

01.03.2011 - Hallvard Lyssand


Oppdraget er ein case-konkurranse for studentlag arrangert av konsulentselskapet Bekk Consulting i samarbeid med ei bedrift.

Årets oppdrag var å utforma ein strategi og konkrete tiltak til korleis Sparebank1 kan bli den leiande rådgjevarbanken for unge forbrukarar.

I konkurranse med lag fra BI og NTNU var det til slutt NHH-studentane Lars Sundberg, Philip Hafsteen, Martin Schütt og Henrik Tøstie som gjekk av med sigeren, melder karrieremagasinet.no.

Førstepremien er på kr 50000. Halvparten av dette skal gå til velgjerande føremål, og NHH-laget valde å donera kr 25000 til NHH Aid og Unicef.

Les meir og sjå bilete frå tevlinga på karrieremagasinet.no

Casekonkurransen Oppdraget (Foto:Lasse Lerdahl)
NHH-laget har nettopp fått beskjed om at dei har vunne Oppdraget. (Foto: Lasse Lerdahl)

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive