Korleis bygga gode forskingsmiljø?

UiB-professor Lise Rakner (Foto: Hallvard Lyssand)

Sjenerøse fellesskap med alders- og kjønnsbalanse, uttalte ambisjonar, stor entusiasme, samarbeidsvilje og evne til langsiktig tenking. Det er nokre av ingrediensane som må til for å byggja gode forskingsmiljø ifølgje professorane Lise Rakner og Bertil Tungodden.

30.03.2011 - Hallvard Lyssand


Tidlegare denne månaden var 15 kvinnelege NHH-professorar og -førsteamanuensar, rektoratet og ein del instituttleiarar samla til arbeidsseminar og middag i regi av høgskulen.

Kvinneseminaret er ein del av NHH sitt arbeid for å tilsett fleire kvinner i vitskapelege stillingar og å få betre kjønnsbalanse i fagstaben.

- Vi inviterer alle fast tilsette kvinnelege forskarar over PhD-nivå til desse seminara. Vi vil både visa at vi set pris på dei og gje dei høve til å møtast og byggja nettverk, seier likestillingsrådgjevar Ingebjørg Tyssedal.

- Samstundes ønskjer vi ta dei med på råd. Arbeidet med å revidera Handlingsplan for likestilling er i gang, og vi ville ha synspunkt og innspel, legg ho til.

Prorektor Gunnar E. Christensen, som leiar arbeidet med revisjonen av likestillingsplanen, orienterte om prosessen. Når det nye utkastet er klart skal det på høyring, før det vert lagt fram for styret i juni.

Kvinneseminar, mars 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
Rektorat, instituttleiarar og ca. 15 av dei kvinnelege forskarane ved NHH var samla til Kvinneseminar tidlegare denne månaden.

Vegen til gode forskingsmiljø

Hovuddelen av seminaret hadde likevel eit anna tema: Korleis bygga gode forskingsmiljø?

For å få nokre svar på spørsmålet hadde arrangørane invitert professor Lise Rakner frå Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, og professor Bertil Tungodden frå Institutt for samfunnsøkonomi.

Lise Rakner er første kvinnelege instituttleiar ved tradisjonelt mannsdominerte "sampol," og i augneblinken den einaste kvinnelege instituttleiaren ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet.

Ho tok utgangspunkt i spørsmålet om korleis ein kan skapa forskingsmiljø der unge forskarar, og særleg kvinner, kan veksa og nå kvalifikasjonsnivå for faste stillingar.

Glastak

- Eg har ikkje vitskapleg belegg, men basert på lang erfaring trur eg det finst eit glastak for kvinner etter postdok, sa Rakner, og spurde:

- Så korleis kan ein skapa miljø der fleire kvinner kjem opp og fram? Vil dei opp og fram? Er det interessant for dei?

Ho konstaterte at mange av hennar flinkaste studentar er jenter, men at det kan vera vanskeleg å få dei til å bli i akademia.

- Det kan botna i at jenter er meir risikoaverse. Dei får jobbar med større tryggleik og betre løn andre stader. Kvifor då velja ein situasjon med dårleg utsikt til fast arbeid og eit nålauga som vert smalare og smalare? spurde Rakner.

Samstundes meinte ho at årsaka til stoda botnar i strukturelle element som ikkje vil bli borte berre ein ventar lenge nok. Det må gjerast noko aktivt for å få betre balanse.

Professor Lise Rakner, UiB, Kvinneseminar, mars 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
- Ta imot utfordringar, oppmoda professor Lise Rakner.

Fellesskap framfor hierarki

Sampolprofessoren si oppskrift for å skapa gode forskingsmiljø, god forsking og god undervisning er fellesskap, idéutveksling og gode forhold mellom seniorar og juniorar med rom for konstruktiv kommentering.

Ho åtvara om at miljø bygd rundt ei "stjerne" kan fort forvitra, og at ein framfor intenst konkurranseorienterte hierarki etter amerikansk modell heller bør utnytta ein relativt egalitær norsk tradisjon og satsa på fellesskap og samarbeid.

- Kjønn er ein del av dette fordi der er ein samanheng mellom kjønnsbalanse og kvalitet, sa Rakner, og la til at ho visste at dette var ein kontroversiell påstand.

- Men grupper med berre eitt kjønn er problematisk fordi det stenger for viktige perspektiv, fortsette professoren.

Ho understreka at forsking ikkje er ein einsam aktivitet, og at mannlege forskarar alltid har hatt uformelle nettverk. Samstundes var Rakner si eiga erfaring at kvinner fungerer betre i formelle nettverk.

- Om vi har eit klart siktemål om å integrera juniorforskarar, vil det vera eit viktig bidrag. Då vil kvinner trivast betre. Det er ikkje sikkert "alles kamp mot alle" er så attraktivt, sa Rakner.

Råd til kvinnelege forskarar

UiB-professoren avslutta med sju konkrete råd til kvinnelege forskarar.

1. Sei ja til utfordringar. Det gjev meir energi enn det tar. Det ein vert utbrent av er å vera åleine.

2. Ikkje ver perfekt. Det er faktisk flott at du ikkje er det.

3. Skap nettverk. Menn har klubbar. Lag eigne og ha nokon å kommunisera usikkerheit med.

4. Ha eit liv. Og kommuniser at du både kan ha eit liv og vera forskar.

5. Våg å vera leiar. Akademia tørstar etter aktivt og profesjonelt forskingsleiarskap.

6. Ved val mellom konkurranse og samarbeid, vel samarbeid.

7. Bruk humor og bruk deg sjølv i arbeidskvardagen. Akademia er ikkje meir mystisk enn andre jobbar. Til sjuande og sist er det ein jobb, trass alt.

- Forsking er samarbeid

Professor Bertil Tungodden har vore både visestyrar og styrar ved Institutt for samfunnsøkonomi, og er del av ei forskargruppe innan eksperimentell økonomi.

Han understreka at han ikkje snakka om kvinner spesielt, men "supersubjektivt om korleis ein kan skapa gode forskingsmiljø og overleva i forskingsbransjen."

- Miljø betyr verkeleg noko. Forsking er samarbeid, og det er ein sosial aktivitet i nesten skremmande grad, sa Tungodden, og utdjupa med å peika på viktigheita av å kunna kommunisera med ulike miljø, gjerne på tvers av fag, for å utvikla idear vidare.

- Eg trur NHH kan ha eit konkurransefortrinn her. Vi har gode forskingsmiljø og det er kjent ute, konstaterte han.

Professor Bertil Tungodden m. fl. Kvinneseminar, mars 2011 (Foto: Hallvard Lyssand)
Sjenerøsitet, ambisjonar, entusiasme og langsiktigheit er sentrale element når ein skal byggja gode forskingsmiljø, ifølgje professor Bertil Tungodden. Sitjande frå venstre: Therese Kobbeltvedt (SOL), Klara Sjo (FSK) og Anne Kari Bjørge (FSK).

Nøklar til gode miljø

Sjenerøsitet, ambisjonar, entusiasme og langsiktigheit er nokre av nøklane til å bygga eit godt forskingsmiljø, ifølgje Tungodden.

- Ikkje ver redd for å ha ambisjonar, ikkje ver redd for å uttala dei og ikkje ver redd for å gå på trynet, tilrådde han.

Tungoddens gruppe består av forskarar på alle nivå frå professor til PhD-studentar.

- Nokon av oss tenkjer likt, andre ulikt, og vi treng både komplementaritet og ulikskap. Gruppa må dessutan utviklast for ikkje å stagnera, og ein måte å gjera det på er å få inn doktorgradsstudentar, sa professoren.

- Det er viktig å skapa eit trygt og generøst miljø der folk stolar på kvarandre, seier det dei verkeleg meiner og er viljuge til å ofra noko for fellesskapet, fortsette han, og la til:

- Entusiasme er også viktig. Det er viktig å feira eit fullført prosjekt uavhengig av om ein artikkel vert publisert eller ei. Ein må ha entusiasme for forskinga i seg sjølv. Det er forskinga som er det viktige.

Langt framme

Tungodden understreka også at internasjonale relasjonar er fundamentale.

Og dersom ein vil gjera forskinga si synleg ute, til dømes i USA, må ein oppsøka relevante miljø der og presentera arbeidet. Ein kan ikkje ein gong ta for gitt at publiseringar i leiande tidsskrift vert lesne.

I tråd med eigne fråsegner om å kringkasta ambisjonar var Tungodden ambisiøs på NHH sine vegner.

- Eg trur NHH er langt framme når det dreier seg om forskargrupper, og at vi kan bli blant toppinstitusjonane i Europa på dette, fastslo han.

Les meir om NHH si satsing på likestilling


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive