Klart for EQUIS-visitt

NHH sett frå Hatleberg (Arkivfoto)

Tysdag byrjar innspurten i arbeidet med å sikra NHH ny EQUIS-akkreditering. Då kjem komiteen som skal "fagfellevurdera" høgskulen.

18.03.2011 - Hallvard Lyssand


European Quality Improvement System (EQUIS) er ein uavhengig internasjonal evaluering av handelshøgskuler som den internasjonale fellesorganisasjon for handelshøgskuler, European Foundation for Management Development (EFMD) står bak.

NHH vart EQUIS-akkreditert for første gang i 2001 og reakkreditert i 2006. Som tidlegare meld er NHH sin EQUIS-akkreditering oppe til vurdering i vår.

Dokumentasjonskrava frå EFMD er omfattande, og arbeida med å samla inn materiale har vore i gang ved NHH sidan tidleg i fjor haust.

Frå tysdag til torsdag i neste veke føregår ein viktig del av reakkrediteringsprosessen. Då kjem ein delegasjon frå EFMD på såkalla peer review-visit.

Dei skal m.a. intervjua representantar frå høgskule- og instituttleiing, fagstab, administrasjon, studentar på alle nivå, styret, alumni og bedriftspartnarar. I tillegg skal dei gå gjennom MØA-programmet (Masterstudiet i økonomi og administrasjon) i detalj.

Gruppa som vitjar NHH vert leidd av professor Peter Wolnizer frå University of Sydney Business School.

Han har med seg professor Ian Clarke frå Newcastle University Business School, professor Ulrich Hommel, som er Associate Director, Quality Services i EFMD og Peter Otten, som har vore HR-direktør i Shell.

Når komiteen har gått gjennom dokumentasjon og gjennomført intervju m.m., skriv dei ein rapport etter ein fastsett standard og kjem med ei tilråding EFMD-styret, som tek den endelige avgjerda i høve til reakkreditering.

Prossesen har tre mogelege utfall: Full femårig akkreditering, redusert treårig akkreditering eller at NHH ikkje blir reakkreditert. Svaret er venta i juli 2011.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive